TILSETTEDAG: 450 kommunetilsette i Sogndal sat på skulebenken og fekk høyre foredrag frå Rasmus Mo, Trine Lerum og Per Henrik Stenstrøm (biletet) onsdag. Foto: Youri van der Werve.
TILSETTEDAG: 450 kommunetilsette i Sogndal sat på skulebenken og fekk høyre foredrag frå Rasmus Mo, Trine Lerum og Per Henrik Stenstrøm (biletet) onsdag. Foto: Youri van der Werve.

450 kommunetilsette på skulebenken

Sogndal kommune inviterte onsdag til tilsettedag. Her var det foredrag av Rasmus Mo, Trine Lerum og Per Henrik Stenstrøm.

Sogndal: Målet med dagen var å gi alle tilsette ei felles oppleving, med fagleg og sosial innhald som kunne gi inspirasjon og motivasjon i arbeidsdagen. Rådmann Jostein Aanestad var fornøgd med dagen.

– Det er veldig mange forskjellige aktivitetar her i kommunen og målet i dag var å samle alle, høyre på saman og kunne reflektere over dette, seier Aanestad.

Totalt var det 450 kommunetilsette som møtte opp og 300 av dei var påmeldt til middag og underholdning seinare på kvelden.

– Middagen skal vere sosialt. Her skal vi ha det hyggelig og ha høve til å reflektere over dagen, forklarar Aanestad.

Mange timar med foredrag

Dagen starta med Rasmus Mo som er eit kjent fjes for mange. Mo er omdømmeleiar i Sogndal Fotball, og han hadde eit føredrag om omdømme og lojalitet.

Artikkelen held fram under biletet.

FULL SAL: Salen var smekkfull med kommunetilsette som mellom anna fekk høyre foredrag om omdømmebygging og primadonnaer på arbeidsplassen.
FULL SAL: Salen var smekkfull med kommunetilsette som mellom anna fekk høyre foredrag om omdømmebygging og primadonnaer på arbeidsplassen.

Trine Lerum, administrerande direktør i Lerum, tok over og snakka om korleis ein kan gjere kvarandre gode, og til slutt snakka Per Henrik Stenstrøm om korleis ein skal skape betre miljø på arbeidsplassen, kommunikasjon og personalkonflikt.

Sjølv om det blei mange timar med foredrag brakte historiane hans fram smil og latter hjå mange.

– Fantastisk at Sogndal har klart å samle alle 

Per Henrik Stenstrøm har 30 års erfaring i mediebransjen. Han var journalist i NRK, TV 2, TV Norge og TV3 og seinast var han programdirektør i P4.

– Eg brenn for å utnytte det å bry seg om forskjellar. Eg har lyst å få folk til å fungere i lag og vere glad i forskjellar mellom kollegaer på arbeidsplassar, forklarar Stenstrøm.

– Eg har hatt slike forsamlingar før i andre kommunar, men då har det som oftast vore over to dagar fordi dei ikkje klarte å samle alle på ein dag. Det er fantastisk at Sogndal har klart å samle alle i ein og same sal. 

Til toppen