BLANDA KJENSLER: Åge Avedal blir frå 1.juli regionsleiar for 4H i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han gler seg over medlemsauke på 4 prosent i heimfylket Sogn og Fjordane siste året, men er førebudd på krevjande tider og er kritisk til at meir og meir av aktivitetane må finansierast gjennom prosjektmidlar. Foto: Linda Slåtten / 4H Sogn og Fjordane.
BLANDA KJENSLER: Åge Avedal blir frå 1.juli regionsleiar for 4H i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han gler seg over medlemsauke på 4 prosent i heimfylket Sogn og Fjordane siste året, men er førebudd på krevjande tider og er kritisk til at meir og meir av aktivitetane må finansierast gjennom prosjektmidlar. Foto: Linda Slåtten / 4H Sogn og Fjordane.

4H frir til frivillige etter kutt

Millionkutt, stramme budsjett og færre tilsette gjer at 4H rundt om i landet går ei krevjande tid i møte og må satsa på frivillige og prosjektmidlar.

Årdal/Lærdal: Det siste året har 4H Noreg vore gjennom ei omfattande omorganisering. Budsjettet for organisasjonen er kutta med over seks millionar, og talet på årsverk nasjonalt blir halvert. Bakgrunnen er at det frå 1. juli i sommar er slutt på ordninga med gratis kontor hos fylkesmennene.

Det får store konsekvensar i heile organisasjonen. Alle fylke har framleis eigne fylkeskontor, men ingen fylke har lenger dagleg leiar. Desse stillingane er erstatta av åtte nye regionsleiarar. Fylkesledda bur seg no på trongare tider. I både Årdal og Lærdal er det 4H-klubb.

Optimisme trass kutt

Fylkeskontoret for 4H Rogaland, som no har blitt regionkontor for både Rogaland og Hordaland, har til dømes hatt 2,4 årsverk, fordelt på tre tilsette. Frå juli blir dette redusert til 1,3 årsverk fordelt på to tilsette.

– Dette får dramatiske konsekvensar, uttalte dagleg leiar Synnøve Jørgensen i 4H Rogaland nyleg. Ho seier fylkesleddet no må satsa mykje meir på frivillige, men ho har likevel god tru på at dei skal lykkast med dette.

Trenden er den same i Hordaland. Etter nedskjeringane er talet på nasjonalt løna ved kontoret redusert frå 2 til 1,3 årsverk.

– Me må i større grad håpa på at medlemmer og andre stiller opp, seier organisasjonsrådgjevar Turid Sandstad Herland i 4H Hordaland.

Også i 4H i Sogn og Fjordane set organisasjonen si lit til frivillige.

– Me har mange frivillige som gjer ein kjempeflott jobb både lokalt og på fylkesnivå, men framover er det nok behov for endå større frivillig innsats. Det finst sjølvsagt ei smertegrense, men eg trur me skal finna ei løysing på det. Me må likevel truleg kutta nokre aktivitetar, seier Åge Avedal i 4H Sogn og Fjordane til Nynorsk pressekontor.

Han er dagleg leiar for 4H Sogn og Fjordane, men frå 1. juli blir han regionsleiar for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i 60 prosent stilling. Resten av stillinga hans på 40 prosent blir gjort om til ei fagstilling.

I praksis betyr endringane at 4H i Sogn og Fjordane får 0,7 stillingar mindre som er nasjonalt løna. Avedal legg til at kontoret likevel har valt å halda fram med den same bemanninga på 1,6 tilsette som før, men at midlane no må hentast inn på anna vis.

Kritisk til prosjektmidlar

– Me kjem mellom anna til å føreslå auka eigenbetaling på arrangement. Elles slår den generelle trenden i samfunnet inn for fullt ved at meir og meir av aktivitetane må finansierast gjennom prosjektmidlar, seier Avedal.

Denne utviklinga er ikkje berre positiv, meiner han.

– Det er ein svært krevjande måte å driva organisasjonar på, seier han og peikar på at det tek mykje tid å utarbeida søknader, følgja opp og skriva rapportar om korleis pengane har blitt brukt.

– Problemet med prosjektmidlar er dessutan at dei tek frå organisasjonane ein del av makta og sjølvråderetten. Ved at organisasjonane heile tida må snu seg etter kva det offentlege meiner det skal satsast på, er ein med på å auka påverknaden det offentlege har på organisasjonslivet. Det er ikkje udelt positivt, seier Åge Avedal, som meiner det kan føra til at organisasjonane misser eigenarten sin.

Til toppen