4H startar klubb i Årdal

Interessa for 4H-klubb i Årdal er stor, og difor blir det oppstart av ny klubb 19. november.

Det fortel dagleg leiar i 4H Sogn og Fjordane Åge Avedal til deira heimeside. Etter to møte med aktivitetar og informasjon om 4H i Årdal denne hausten er det endeleg klart:

– No startar me 4H-klubb, den første i Årdal kommune nokonsinne, seier han. 

Medan det i Lærdal har eksistert 4H-klubb i 19 sidan 1995, blir dette første gongen at 4H etablerer klubb i Årdal.

– På det andre møtet me hadde i starten av november møtte det fram 25 born med foreldre. Der fekk alle lage mat på bål og vera med på aktivitetar. Det vart også klart at grunnlaget for å starte 4H-klubb er på plass, held Avedal fram.

Oppstartsmøte neste veka

Onsdag om ei veka, nærare bestemt 19. november, vert det oppstartsmøte i Gamleskulen brukthandel og aktivitetssenter i Øvre Årdal.

Der kan dei som vil melda seg inn i klubben, og medlemma skal òg velja vaksne klubbrådgjevarar og namn på klubben.

Artikkelen held fram under biletet.

VELLUKKA: I Lærdal har 4H-klubben Audhumla heldt stand i 19 år. Dette biletet er teken frå haustfesten i haust.
VELLUKKA: I Lærdal har 4H-klubben Audhumla heldt stand i 19 år. Dette biletet er teken frå haustfesten i haust.

– Val av namn er noko som engasjerer veldig, gjerne med fleire avstemmningsrundar, seier Avedal.

– Historisk sus

4H er ein medlemsstyrt organisasjon med brei aktivitet innan friluftsliv, teater, mat, dyrestell og leirar. Der er medlemma mellom 9-18 år som har alle styreverva i klubbane, som også har vaksne klubbrådgjevarar til å hjelpa seg.

Det er i dag 74 4H-klubbar i Sogn og Fjordane og rundt 1900 medlem. 

4H står for klårt Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse, og mottoet til organisasjonen er «å læra ved å gjera».

– Det er utruleg kjekt å få vera med på å starte 4H-klubb i Årdal. Det er litt hsitorisk sus over det når det er første gongen det blir etablert klubb i ein kommune, avslyttar Avedal.

Til toppen