5 tips for ei sunnare juletid

5 tips for ei sunnare juletid

Slik unngår du å gå i fella!

Jula nærmar seg med stormskritt. I tida for kos og hygge blir det fort til at matinntaket blir litt høgare, og aktivitetsnivået litt lavare enn det me pleier å ha. Her er 5 enkle tips for korleis du kan få ei litt sunnare juletid ☺

  1. Ikkje et for å ete
    "Det er da berre jul ein gong i året", tenkjer nok mange av oss, noko som i og for seg er sant. Ein skal absolutt kunne kose seg med julemat og alt som høyrer med - men bruk sunn fornuft. Ofte blir det til at ein et langt meir enn det ein eigentleg orkar og treng, berre fordi det er jul. Ver bevisst på deg sjølv medan du et, stopp når du faktisk er mett og ikkje pøs innpå med meir mat berre for å ete.
  2. Ver i aktivitet
    Ekstra mat og meir tid til å slappe av medfører ofte meir energi. Bruk denne energien til noko positivt i juletida: Gå på tur med familie eller vener, ta med deg barna ut for å leike i snøen, tren styrke, delta på gruppetimar eller anna lystbetont aktivitet. Trening og fysisk aktivitet er gjerne ikkje det ein set av ekstra tid til i juletida - men her er alt verkeleg betre enn ingenting. Det piffar også opp humøret, og ikkje minst senkar det terskelen for å "kome i gong att" etter nyttår!

  3. Unngå for mykje feitt
    Med julefrokost, julebrunch, julelunsj, middag, dessert, kaker etc. blir det fort ein del mat i løpet av dagen. For å begrense energiinntaket kan det vere lurt å kutte litt ned på feittrike matvarer som til dømes smør, ost, majones, flesk og fløyte. Felles for slike matvarer er at dei på grunn av sitt høge feittinnhald inneheld spesielt mange kaloriar per gram, noko som gjer dei feitande i lengda. Kutt difor litt ned på desse og tilfør heller ekstra frukt, grønnsaker og reint kjøt.
  4. Ver obs på flytande kaloriar
    Sukkerhaldig drikke som brus og juice, alkohol, kakao, melk og anna drikke inneheld også kaloriar som er verdt å tenkje over, sjølv om desse kaloriane ikkje påverkar mettheitskjensla vår på lik linje med kaloriar fra fast føde. Dersom ein drikk mykje av slik drikke til alle måltid vil desse flytande kaloriane kome i tillegg til kaloriane fra maten. Eit tips for å unngå dette kan til dømes vere å drikke meir vatn og lettbrus, eller å drikke annakvart glas med øl og vatn.
  5. Alt med måte!
    Slapp av, et og kos deg i juletida - men alt med måte! ☺
     
Til toppen