FEKK SJEKK: Representantar frå Jotun, Lærdal og Aurland fekk utdelt ein sjekk på 50 000 kroner, som er overskotet frå Veterancupen. Foto: Jan Christian Jerving.
FEKK SJEKK: Representantar frå Jotun, Lærdal og Aurland fekk utdelt ein sjekk på 50 000 kroner, som er overskotet frå Veterancupen. Foto: Jan Christian Jerving.

50 000 kroner til aldersbestemt fotball

Overskotet frå Veterancupen blei tildelt aldersbestemt fotball i regionen.

Som ein fast rutine blei ein del av overskotet etter veterancupen gitt til aldersbestemt fotball i Årdal, Lærdal og Aurland.

I januar i år blei den årlege veterancupen arrangert for 16. gong. I alle desse åra har turneringa vore avhengig av hjelp frå born og foreldre. 

Kvart år blir difor aldersbestemt fotball i Årdal, Lærdal og Aurland gitt ein del av overskotet, som i år var ein sjekk på 50 000 kroner. 

Laurdag møttest representantar frå dei tre laga Jotun, Lærdal og Aurland for å ta imot sjekken. Frå Lærdal møtte blant anna Rune Bolstad, som er svært takksam.

– Veterancupen vil retta ein stor takk til friviljuge og sponsorar som gjer turneringa mogleg, seier han og ønskjer alle velkomne til neste utgåve av veterancupen den siste helga i januar 2015.

Til toppen