OPNING: 1. juli neste år er det 50 år sidan fylkesmann Nikolay Schei opna fjellvegen mellom Aurland og Lærdal. Bak står ei samling journalistar, der Hans Arnesen er nummer to frå venstre, Per Selboskar står som nummer fem frå venstre. Til høgre på biletet står John Thunshelle og Øystein Underdal (nærast). Attmed fylkesmannen står mest truleg Inge Kjell Holme som gjer opptak for lokalradioen. Foto er lånt av Eldbjørg Wangen.
OPNING: 1. juli neste år er det 50 år sidan fylkesmann Nikolay Schei opna fjellvegen mellom Aurland og Lærdal. Bak står ei samling journalistar, der Hans Arnesen er nummer to frå venstre, Per Selboskar står som nummer fem frå venstre. Til høgre på biletet står John Thunshelle og Øystein Underdal (nærast). Attmed fylkesmannen står mest truleg Inge Kjell Holme som gjer opptak for lokalradioen. Foto er lånt av Eldbjørg Wangen.

50 år sidan aurlendingane kunne køyre bil ut av kommunen

Då fjellvegen mellom Aurland og Lærdal vart opna, betydde det ein ny fridom og ei dør ut i verda for aurlendingane. Iallfall i sommarhalvåret.

  • Endret

Aurland: Den 22. august 1966 køyrde første bilen over fjellet. Inntil denne dagen hadde tog og båt vore transportmiddel når bygdefolk skulle ut av kommunen. 

På midten av 60-talet var det ikkje akkurat  flust med bilar i Aurland, men nokre hadde skaffa seg eige køyretøy. Ein av det var bussjåfør Knut Stundal. Han vart den første som køyrde bil over fjellet mellom Aurland og Lærdal. Det fortel Per Selboskar, som var kommuneteknikkar og byggjeleiar for veganlegget over fjellet.

– Stundal hadde ein bil med store hjul, noko det var behov for på ein veg som i byrjinga ikkje var heilt i topp stand alle plassar. Då Stundal fekk lov til å køyre over, mangla det mellom anna ein kullvert ved Andisvatn, så her måtte det leggjast ut litt stein for at han kunne køyre over, seier Selboskar.

Nokre dagar seinare, den 1. september 1966 var kullverten på plass, og det kunne opnast for fri ferdsle. 

Full vinter 

Såleis er det no temmeleg presist 50 år sidan at fjellvegen gav aurlendingane ny fridom når det gjaldt å reise ut av bygda. Då hausten var i anmarsj, vart det ikkje gjennomført nokon opningsfest i 1966.

Artikkelen held fram under biletet.

VINTER: Vintrane var harde også den gongen. Her frå fresing av vegen etter fjorårets snøfall.
VINTER: Vintrane var harde også den gongen. Her frå fresing av vegen etter fjorårets snøfall.

– Den vart bestemt til 1. juli året etter, seier Selboskar.

At opningsfesten vart bestemt til såpass langt ut på sommaren skulle syne seg å vere lurt. Vinteren 66/67 var unormalt snørik.

– Då me kom til juni, var det framleis full vinter, og vegen var ikkje ferdig brøyta før den 20. juni. To dagar seinare vart det full vinter igjen, og ein ny runde med brøyting måtte til. Derifrå slo det totalt om med mildver og varme som førte til at smeltevatn gjorde skade og vaska vekk 700-800 meter av vegen frå høgda mot Kvammadal, fortel Selboskar. 

Han omtalar dei vanskelege vêrtilhøva som ganske fortvilande.

– Ein lekk i opningsprogrammet var at det skulle køyrast kortesje på den nye vegen frå Bjørgo til Sluppen, men den 1. juli var ikkje det råd å gjennomføre. Det vart opningsfest utan kortesje, og fylkesmann Nicolay Schei klypte snora på Bjørgo. 

Livleg vegdebatt 

Selboskar kom til Aurland som nytilsett kommuneteknikkar i 1961 og fekk umiddelbart planane om fjellvegen i fanget. Dette var den store samferdslesaka i Aurland på den tida, og vegdebatten gjekk livleg både i formelle og uformelle fora. 

– Ein veg ut av bygda var sterkt ønskt, men det var ikkje full semje om kvar denne burde gå. Det vart arrangert folkemøte om saka, og debatten om trasé var eit stort tema.

Artikkelen held fram under biletet.

FORTEL: Per Selboskar fortel om korleis fjellvegen mellom Aurland og Lærdal kom i stand. Han var kommuneteknikkar og byggjeleiar for veganlegget over fjellet.
FORTEL: Per Selboskar fortel om korleis fjellvegen mellom Aurland og Lærdal kom i stand. Han var kommuneteknikkar og byggjeleiar for veganlegget over fjellet.

Skjerdølene ville gjerne har vegen fram Skjerdalen, og såleis få vegutløysing sjølve. Dette vart ikkje noko av, men dei fekk lovnad om veg, og den kom nokre år seinare. Når det galdt trasévalet, var det to leirar. Då vegsaka skulle avgjerast i kommunestyret, gjekk åtte kommunestyrerepresentantar imot bygging av fjellvegen. Røystene tilhøyrde stort sett representantar frå soknene utanfor kommunesenteret.

– Eit par av desse meinte at vegen burde gå gjennom Skjerdalen, seier Selboskar, som er glad for at det ikkje vart noko av.

– Med det terrenget som er gjeldande i dette området seier det seg nesten sjølv at dette ikkje var noko alternativ. Då kommunestyret tok stilling til vegtraseen i 1962, sa eit fleirtal ja til at vegen skulle byggjast frå Bjørgo til Sluppen. 

Befaring til fots 

– Same sommaren starta me å stikke dei første 7,5 kilometerane frå Bjørgo til Nalfarhøgda. Me fekk også ut anbodspapir, og den 2. november 1962 vart det gjennomført befaring med mange entreprenørar, seier Selboskar.

På denne tida var det køyrbar veg til Stegastein, og her starta befaringa til fots mot endepunktet i  Sluppen.

Artikkelen held fram under biletet.

SYNFARING: Bilete er teke hausten 1963 og syner formannskapa i Aurland og Lærdal på synfaring ved Vedahaugane. Nokre av personane på bilete er kjende. Frå venstre står Andreas Wangen. Mannen med alpelue, og ryggen til, er dåverande ordførar, Ragnvald Winjum. Per Selboskar står midt i biletet med teikningar i handa. Mannen nærast med hatten i handa er Lars B. Styvi, og lengst til høgre står Bottolv Thunshelle. Fotograf var truleg Svein Fossheim. Biletet er lånt ut av Eldbjørg Wangen. 
SYNFARING: Bilete er teke hausten 1963 og syner formannskapa i Aurland og Lærdal på synfaring ved Vedahaugane. Nokre av personane på bilete er kjende. Frå venstre står Andreas Wangen. Mannen med alpelue, og ryggen til, er dåverande ordførar, Ragnvald Winjum. Per Selboskar står midt i biletet med teikningar i handa. Mannen nærast med hatten i handa er Lars B. Styvi, og lengst til høgre står Bottolv Thunshelle. Fotograf var truleg Svein Fossheim. Biletet er lånt ut av Eldbjørg Wangen. 

– I ettertid har eg ofte tenkt på at me kan vere glade for at det var bra ver denne dagen, seier Selboskar.

I Sluppen vart entreprenørar og andre møtt av ein buss som køyrde dei til Lærdal, der ein båt venta for transport attende til Aurland.

– Den lange arbeidsdagen vart runda av med middag på Aabelheim om kvelden. Etter at anboda var gjennomgått og vurderte, vart oppdraget med å byggje den første 7,5 kilometer lange vegparsellen mellom Bjørgo og Nalfarhøgda tildelt entreprenør Land Bulldosardrift ved Ola Hassvoll frå Dokka.

– Han hadde stor kapasitet og elles eit godt ord på seg. 

Veg på Nalfar 

Kravet til entreprenøren var at den tildelte parsellen skulle gjerast ferdig i løpet av sommarsesongen 1963, og i pinsa det året starta anleggsarbeidet opp.

Hessvoll kom i mål som avtalt, i oktober 1963 kunne dei som hadde bil køyre på Nalfarhøgda. Vegen vart brukt. På denne tida var folk byrja å kjøpe seg bilar, og det vart opplevd som svære greier å kunne ta seg høgt til fjells på ein så lettvint måte. Ikkje minst forenkla  den nye vegen også tilgangen til stølar og beiteland.

No stod strekninga Nalfarhøgda - Skålabotn for tur, omtala som parsell nummer to i vegprosjektet. Enkelt fortalt vart Hassvoll tildelt kontrakten også for denne strekninga. Han heldt fram på same vilkår som for første parsellen. I løpet av 1964-sesongen kom entreprenøren fram til Andisa, og hausten dette året vart nytta til å planleggje vegstubben frå Sluppen til Skålabotn, der det var mykje sprengingsarbeid.

– Den siste biten vart det jobba frå to kantar, og i august 1966 møttest vegarbeidarane. Den 1. september dette året kunne me altså opne for fri ferdsle. Det var ein merkedag for aurlendingane, seier Selboskar. 

Evner og kunnskap 

Då planlegginga av vegen byrja tidleg på 1960-talet, var det Ragnvald Winjum som var ordførar i Aurland. Han var ifølgje Selboskar ein pådrivar for prosjektet og brukte sine politiske evner og kunnskap til å lose prosjektet gjennom den politiske usemja som oppstod.

Artikkelen held fram under biletet.

STORT PROSJEKT: Totalt kosta det 2,3 millionar kroner å byggja vegen frå Bjørgo til Sluppen. Veganlegget vart også omtala som det største einskildprosjektet som nokon kommune i dette fylket hadde starta opp og gjennomført. Biletet er lånt ut av Eldbjørg Wangen.
STORT PROSJEKT: Totalt kosta det 2,3 millionar kroner å byggja vegen frå Bjørgo til Sluppen. Veganlegget vart også omtala som det største einskildprosjektet som nokon kommune i dette fylket hadde starta opp og gjennomført. Biletet er lånt ut av Eldbjørg Wangen.

Diverre fekk ikkje Winjum oppleve vegen i ferdig form. Han døydde av kreft i januar 1965. Svein Fossheim overtok og var ordførar i Aurland då vegen vart offisielt opna 1. juli 1967. 

Lånte av bygdefolk 

Totalt kosta det 2,3 millionar kroner å byggje vegen frå Bjørgo til Sluppen. 

– Det var råma me hadde til disposisjon, og det heldt. Me løyvde til og med 10.000 kroner som vart brukte til finpussing av vegen. Det vart også arrangert ein dugnad der folk stilte opp og arbeidde ein dag for at vegen skulle vere best mogleg.

– Kven stilte med pengar?

– Oslo kommune gav 250.000 kroner i tilskot og garanterte elles for eit lån på 1,4 millionar kroner som Aurland kommune tok opp. Deira motivasjon for å bidra var sjølvsagt knytt til kraftutbyggingsplanane som låg føre i Aurland. Elles samla bygdefolk inn til saman 380.000 kroner som vart gjeve som rentefritt lån til vegbygginga, og frå Landbruksselskapet kom det eit tilskot på 75.000 kroner. Det var forresten Knut Sønnerheim som tok seg av innsamlinga frå bygdefolket, og han var god til å prate for seg, seier Selboskar.

Den tidlegare kommuneteknikaren håpar det komande vegjubileet vil verte markert i Aurland.

– Vegutløysinga var ei storhending på den tida, og for aurlendingane betydde dette mykje. På den tida vart dette veganlegget også omtala som det største einskildprosjektet som nokon kommune i dette fylket hadde starta opp og gjennomført. Såleis var det også eit nybrotsarbeid, seier Per Selboskar. 

I dag har fjellvegen ein anna status. I eit samferdsleperspektiv er den ikkje viktig lenger, men som turistveg er den meir populær enn nokon gong 

Til toppen