50 harleyar på vitjing

Utla kafé i Årdal og Essoen i Lærdal hadde ein god dag då over 50 bikarar og harleyane deira skulle ha påfyll i mage og tank. Sjå biletegalleri!

Årdal/Lærdal/Aurland: – Me starta frå Tretten i Gudbrandsdalen i går, køyrer gjennom Årdal og Lærdal og skal liggja på campingen i Flåm i natt, seier danske Hans-Jørgen Krogh medan han dreg hjelmen over hovudet.

På tur i tre veker

Det er eit mildt sagt overveldande skode på Torget i Øvre for den motorsykkelinteresserte denne ettermiddagen. Heile plassen er fylt opp med Harley-Davidson syklar. 

– Det er over femti stykk frå Norge, Sverige, Danmark og Finland. Me skal vera på tur i tre veker og innom alle fire landa, forklarar han. No måtte me ha ein matbite her, seier Krogh og nikkar mot Utla kafé.

Då fyrer gjengen opp syklane sine, og vidare dialog er fåfengd. Plutseleg er plassen tom.

Porten skal på oppdrag i Lærdal og mellom Øvre og Tangen ligg fire bilar bak ein slange på mange hundre meter av harleyar. Den første bilen gjer eit forsøk på å køyra forbi den bakarste sykkelen, men skjønar straks at det har lite føre seg. For, her går det på fartsgrensa, og gjerne litt under.

Strukturert fylling på Essoen

Gjennom Fodnestunnelen er det ein dur berre femti harleyar kan laga. Så svingar dei av og køyrer inn på Essoen i Lærdal.

– Skal de vandra i gamlegata?

– Nei, me skal tanka opp, seier Krogh med eit flir.

<strong>Glade bikarar:
<strong>Glade bikarar:

Dei stiller seg opp i to køar som strekkjer heilt frå kvar av øyene med pumper til innkøyrsla. Ein etter ein tankar opp og køyrer til samlingsstad i andre enden av plassen. Dette har dei gjort før.

– Bur de på hotell rundt om?

– Stort sett bur me på campingplassar, men nokre tek inn på hotell. Det varierer litt, seier Krogh.

– Det ser ut til at de kan få ein del regn no desse dagane i Noreg.

– Me har regntøy, så det skal me takla. Men så klart er det finast å køyra i godt vêr.

Vidare fortel Krogh at turen går under namnet "Nordic run" som blir arrangert annan kvart år med ulike ruter og består av medlemmar i Harley-Davidson-klubbane i dei fire landa. Dei starta i Tretten fordi Harley-Davidson Owners Club Norway heldt 30-årsjubileet sitt der førre helg. Ruta i Noreg går vidare frå Flåm til Voss over Hardangervidda til Setesdalen før eit par dagar på sørlandet ventar. Så går turen til Danmark med båten frå Kristiansand. Deretter ventar Sverige og til slutt Finland med siste stoppestad 13.juli. Heile ruta kan ein sjå på nordicrun.dk

 

Til toppen