
Årdal: – Det vil opna for eit heilt anna aktivitetsnivå enn det er i dag. Og dette vil gje positive ringverknader for heile Årdalstangen, seier Thomas Norheim Moen (Sp).
Utviklinga av kaiområdet på Årdalstangen er, saman med Vettismorki, eitt av dei to viktigaste punkta i reiselivsstrategien til kommunen.
Frå før har fylkeskommunen løyvd 400.000 i infrastrukturmidlar til Årdal. Sidan 2015 er rundt 150.000 av desse brukte på sjøfronten, mellom anna på arkitektar og til anna planlegging.
På talarstolen under kommunestyremøtet torsdag, føreslo Moen å ta 500.000 kroner frå næringsfondet til sjøfronten, under forutsetning av at næringslivet bidreg med like mykje. Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for forslaget.
– Det er viktig å få på plass midlar, slik at den innsatsen som no skjer ikkje stoppar opp, seier Moen.
Meiner det vil hjelpa på rekrutteringa til Årdal
Hittil har næringslivet bidrege med 730.000 i aksekapital til Årdal Sjøfront AS. Enno er det ingen som veit kor mykje planane vil kosta, men Moen har likevel tru på at dei vil bli realiserte.
– Ja, absolutt. Men me er avhengige av næringslivet. Årdal kommune har ikkje høve til å ta heile løftet aleine. Årdal Utvikling arbeidar no med å avdekka kva det vil kosta, seier Moen.
Moen trur prosjektet kan skapa gode ringverknader.
– NAV seier at å rekruttera til Norsun i ein utvidingsfase vil vera vanskeleg. Det kan godt vera. Men med å realisera slike prosjekt, aukar interessa for bygda generelt, og folk vil folk ha desto meir grunn til å flytta hit, seier Moen.

Fjordsauna, fiskeplassar og svaberg mot fjorden
Det er spenstige planar Årdal Utvikling har utarbeida, sjå berre her:
- Prosjekt 1, småbåthamna, er starta opp med Kleiven Sogn i spissen, og er forventa ferdigstilt hausten 2018.
- Prosjekt 2, eit sjøbad med garderobe og toalett, er under detaljplanlegging. Årdal Utvikling håpar å få fram ei finansieringsløysing i løpet av første halvår 2018. Vidare må Årdal Sjøfront få tak i midlar som gjer dei i stand til å gjennomføra prosjektet.
- Prosjekt 3 for Meieriparken er planlagt å stå ferdig sommaren 2019. Arbeidet med å finna finansiering skjer hausten 2018 og vinter 2019.
– I tillegg vil vi prøva å få tilført massar frå Seimsdal-tunellen for å bygga ein molo ut langs elvemunningen. Denne vil bli planlagt i løpet av året, viss me får tilsegn om massar, seier Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling.
- Prosjekt 4 er Fjordplassen og gåveg langs parkanlegget. Dette er planlagt starta opp hausten 2019 med detaljplanlegging og gjennomføring i 2020.
- Prosjekt 5 for ny sal for konferansar, konsertar og møterom er planlagt starta opp i 2020 med detaljplanlegging og realisering i 2021.
– Dette prosjektet vil ha samanheng med ekspansjonsplanar for Klingenberg, seier Laberg.