NY ASFALT: Dei neste månadane skal det kome metervis med ny asfalt i Indre Sogn. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen.
NY ASFALT: Dei neste månadane skal det kome metervis med ny asfalt i Indre Sogn. Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen.

55 945 meter med veg skal asfalterast i Indre Sogn i sommar

Sjå om din kommune får vegar med ny asfalt i sommar. 

Indre Sogn: Asfaltsesongen er offisielt i gang, og det betyr at mange vegar rundt om i regionen får nye fine vegar å køyre på i løpet av dei komande månadene. 

Så snart snøen er borte og telen ute av bakken er Vegvesenet og fylkeskommunane klare for vedlikehaldsarbeid på slitne vegdekke. Både veg og gang- og sykkelvegar skal bli betre.

Denne sommaren skal vegdekket på nesten 56 kilometer med veg asfalterast i Indre Sogn. På landsbasis er det snakk om 3.900 kilometer riks- og fylkesveg. Det svarar til distansen frå Oslo til Rabat i Marokko, ei strekning det hadde tatt om lag 42 timar å køyre utan stogg.

Artikkelen held fram under biletet.

NY ASFALT: Dei raude strekane er riksvegar, medan dei grønne er fylkesvegar.
NY ASFALT: Dei raude strekane er riksvegar, medan dei grønne er fylkesvegar.

Ifølgje NRK har Statens vegvesen i fylket fått 150 prosent meir å asfaltere for i år samanlikna med i fjor. 

– Det er tidenes beste asfalteringsår, så det blir ein veldig travel sesong. Me har aldri hatt så mykje å rutte med før, seier prosjektleiar Arne Magnar Hauglund til NRK.

Desse vegane skal få ny asfalt

Kommune Strekning Meter
Leikanger Fv. 185 Njøs-Seeberg 970
Luster Fv. 55 Røneidtunnelen 680
Luster Fv. 55 Osen bru-Årøy tunnel 3035
Luster Fv. 337 Moane-Bergaskredtunnelen 7470
Luster Fv. 338 Solvornsgalden-Solvorn 3096
Lærdal Fv. 630 Voldum-Sjurhaugfossen 4825
Sogndal Fv. 211 Ormalseng-Hodlekve 4835
Sogndal Rv. 5 Loftesnes bru 1077
Sogndal Rv. 5 Sogndal-Frudalstunnelen 21 857
Sogndal Rv. 5 Bergstunnelen-Fjærland 1730
Sogndal Rv. 5 Fjørlandstunnelen 6370

 

Til toppen