SOGN OG FJORDANE 4H: På søndagen var alle deltakarane på tur til Kongeparken.
SOGN OG FJORDANE 4H: På søndagen var alle deltakarane på tur til Kongeparken. (Foto: Linda Kleppe)

56 4H-arar frå alle delar av Sogn og Fjordane er på landsleir

"Vidle, fine og blaude ungdom på 4H Landsleir i Rogaland", det skriv Synnøve Aaberg Skjærli, Mathilde Tjønneland og Eirik Førde i denne pressemeldinga.

Rogaland: Denne veka har over 50 ungdommar frå Sogn og Fjordane tatt turen til Øksnevad Vidaregåande Skule i Klepp kommune for å delta på 4H sin Landsleir 2018.

Saman med nesten 1000 andre ungdommar frå resten av landet skal dei delta på aktivitetar, spele volleyball og bli vidle, fine og blaude.

Å lære ved å gjere – saman.

Den største sosiale hendinga

Det å reise på leir er den største sosiale hendinga i løpet av 4H-året. Med klåre hovud, varme hjarte, flinke hender og god helse utfordrar 4H-arane seg sjølve både sosialt og læringsmessig.

Dei spelar volleyball til langt på natt , utfordrar nabofylker til songkonkurranse, ler og blir kjende med ungdommar frå resten av fylket og landet. Mottoet «Å lære ved å gjere -saman» vert testa ut i aktivitetar som øksekasting, tautrekking, rundballepulling og melking av kyr.

Frå sjokoladefabrikk til Preikestolen

Leirkomitéen har teke heile Rogaland i bruk for å gi eit variert tilbod til ungdomen. Mellom anna kunne leirdeltakarane bli med på sjokoladelaging, bølgjesurfing, Vitengarden og tur til Preikestolen.

NØGD: – Det er så morosamt å reise på 4H-leir igjen, seier den ferske fugletittereksperten Even Nordgulen. Foto: Mathilde Tjønneland

– I løpet av veka har eg vore med på kanopadling, strandtur og fugletitting, fortel Even Nordgulen (18) frå Vårvon 4H i Gulen.

– Det kjekkaste med 4H-leir er alle aktivitetane, og særleg det sosiale opplegget. Ein blir fort kjend med mange nye vener kvar gong ein reiser på leir.

Minner for livet

Eirik Hortemo Vikøren (30) er leiar i fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane og hovudleiar for dei som reiser på leir for andre år på rad.

– Det er utruleg gjevande å få reise med så mykje kjekk ungdom, smiler Eirik.

Sjølv om han er ein erfaren leirdeltakar og leiar, så har han ingen planar om å slutte med å reise på leir.

– Det å reise på leir betyr å få møte att gamle vener, samstundes som ein alltid blir kjend med nye. 4H-leir betyr minner for livet og gode vener, noko som eg håpar at mange fleire skal få gleda av å oppleve, fortel han.

Det er utruleg gjevande å få reise med så mykje kjekk ungdom

Eirik Hortemo Vikøren

 

 

 

 

 

4H-arane som reiser på leir får mange venner frå heile landet, og treffer desse igjen år etter år på storleir. I 2019 tek vi turen til Bornholm i Danmark, og håpar på å fylle tre bussar med leirglade ungdom frå fylket. 

Til toppen