Sogndal: Det blei eit godt år økonomisk for Sogndal Fotball i 2016. Overskotet enda til slutt på 6,7 millonar kroner. Klubbens omsetnad var på 44,4 millionar kroner.
- Det er alltid krevjande med sal av våre beste spelarar. Det gjev god økonomi, men skapar sportslege utfordringar på kort sikt. Men at me sel vidare spelarar er også ein av grunnane til at unge talent vel å kome til Sogndal og Fosshaugane Campus, seier dagleg leiar Egil Mundal i ei pressemelding.
- Økonomisk har Fosshaugane Campus blitt eit ok fundament. Me har stor totalbalanse, så EK-prosenten er akseptabel, men heller ikkje meir. Men at me har gått frå 10 til 38 millionar kroner i eigenkapital siste sju åra er me veldig godt nøgde med, held Mundal fram.
Budsjettet for 2017 er vedteke med ein forventa omsetnad på 53 millionar. Her ligg det inne noko vekst både på spelarsida og i det sportslege støtteapparatet.