HISTORISK REKKE: Volvo med ein serie stasjonsvogner, frå 50-talet og framover. FOTO: Produsenten
HISTORISK REKKE: Volvo med ein serie stasjonsvogner, frå 50-talet og framover. FOTO: Produsenten

60 år med stasjonsvogner

Seinare i år kjem Volvo med den nye stasjonsvogna V90, vel 60 år etter at dei kom med den fyrste. Duett rulla ut på marknaden i 1953, og sidan den gong har stasjonsvogna vore ein svært viktig del av imaget til Volvo.

– Volvos stasjonsvogner har vore eit omgrep i Noreg heilt sidan lanseringa av velkjente Volvo Duett. Stasjonsvognene våre har treft den norske livsstilen godt i mange tiår – med mykje friluftsaktivitetar, stort plassbehov og køyring på vegar av ulik kvalitet sidan 1953, seier Rune Gutteberg Hansen, informasjonsdirektør hjå den norske Volvo-importøren.

Volvo markerer no sju tiår med stasjonsvogner på arrangementet Techno Classica i Essen, som er den største utstillinga for klassiske bilar i verda.

Ein tredel

Gjennom åra har Volvo selt meir enn seks millionar stasjonsvogner, som svarar til om lag ein tredel av det totale talet på produserte bilar frå produsenten sidan starten i 1927.

Volvo Duett var ein av dei aller fyrste bilane dei eksporterte til USA, og modellen var i produksjon heilt fram til 1969.

Frå 1962 fekk bilmodellen selskap av Amazon i stasjonsvognutgåve, ein modell som blei lansert i 1956. Det var elles den fyrste modellen som hadde trepunkts bilbelte som standard i framseta (frå 1958). Totalt blei det selt rundt 33.000 Amazon i Noreg, ifølgje boka «Biler, norske favoritter frå gullalderen 1950– 1980». Kor mange av bilane som var stasjonsvogn, er ikkje klart, men modellen heldt fram å selje godt i Noreg sjølv etter at arvtakaren blei lansert.

Artikkelen held fram under biletet.

SJELDAN: 1800 ES er den av Volvo sine stasjonsvogner det er laget færrast av.
SJELDAN: 1800 ES er den av Volvo sine stasjonsvogner det er laget færrast av.

Rette vinklar

For i 1967 kom modellen 145, ein rettvinkla bil som designmessig viste korleis Volvo kom til å teikne sine stasjonsvogner i fleire tiår. Her var det og fleire tryggleikstiltak som var forut for tida. Som bremsesystem med to kretsar og skivebremser på alle hjul.

140-modellen skulle vise seg å bli ein favoritt i Noreg, stasjonsvogn- og sedanmodellen var den mest populære modellen i landet fram til han blei erstatta av 240-modellen i 1974.

Før 240 tok over, lanserte Volvo i 1971 modellen 1800 ES, som framleis er den mest sjeldne stasjonsvogna deira. Bilen var basert på kupeen 1800, og var ei sporty stasjonsvogn, «med plass til jaktutstyr eller golfutstyr i bagasjerommet» slik Volvo skriv det. Designet utmerka seg med ei stor bakrute heilt utan ramme. Hengsler og handtak var festa rett på glaset. Modellen blei berre laga i 8.000 eksemplar.

20 år

Då 240-modellen kom med stasjonsvogna 245, blei den Noregs mest selde bil ut 70-talet. Bilen var i produksjon i nærare 20 år, og på åttitalet blei 245 Turbo den fyrste stasjonsvogna med turbomotor. Motoren kunne by på 155 hestekrefter.

Totalt blei det produsert 2.862.573 av Volvo 240, og snautt éin million var stasjonsvogna 245.

Volvo sjølv trekker deretter fram 850 T5-R, ei spesialutgåve som blei laga på midten av nittitalet med 240 hestekrefter. Den gjekk frå null til hundre på 6,9 sekund og blei laga i 5.500 eksemplar. Samtidig brukte dei ei stasjonsvogn som løpsbil i den britiske BTCC-meisterskapen.

850-modellen hadde i utgangspunktet framhjulstrekk, medan alle dei tidlegare nemnde modellane hadde bakhjulstrekk. Bilen blei etter kvart og tilgjengeleg med firehjulstrekk.

– I dag koplar mange framleis Volvo med stasjonsvogner her i landet. I 2015 registrerte vi til saman 4.700 Volvo V70 og V60 – av ein total på underkant av 10.000 bilar frå oss. V70 blir no erstatta av Volvo V90, seier Gutteberg Hansen. 

Til toppen