Vik: Det har gått eit 50-60 meter breidt jordras på Fresvikvegen sundag kveld.
Naudetatane har nettopp kome til staden circa klokka 18.
Det er ikkje opplyst at personar eller køyretøy er tekne av raset.
Berre ein time før politiet melde om raset stengde Statens vegvesen vegen grunna ras og fare for fleire steinras. Bygda Fresvik 200 innbyggjarar er no isolert. I bygda bur det 200 innbyggjarar.
– Det ser ut til at ingen er tekne av skredet, men me skal ta kontakt med dei som bur i området, for å forsikra oss om at ingen er sakna, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord til NRK Sogn og Fjordane.
Fylkesveg 5600 mellom Arnafjord - Vikøyri er òg stengt Stengt grunna fare for ras. Det kjem ny vurdering klokka 12:00 måndag.
Tidlegare i dag gjekk det eit jordras i Sogndalsdalen, men det gjekk ikkje over vegen.
Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.