MODERNE KLASSIKAR: Linene er moderne, men Ford har likevel teke godt vare på dei typiske Mustang-trekka. Foto: Thomas Larsen / NPK
MODERNE KLASSIKAR: Linene er moderne, men Ford har likevel teke godt vare på dei typiske Mustang-trekka. Foto: Thomas Larsen / NPK

60-talsflørt

Ford Mustang er tilbake – men prisen gjer at utgåva med V8-ar vert for dei få.

  • Endret

Ford Mustang er sportsbil på tilbod. Han er meint for folket, og det var òg noko av grunnen til at han vart så populær då han kom. Teknologien var oversiktleg – og er det framleis: Ein diger V8-ar syt for 418 hestekrefter som vert sendt til bakhjula gjennom ein 6-trinns manuell girkasse. Det er enkelt – og det er billeg. Difor er heller ikkje Mustang veldig kostbar i utgangspunktet.

Lett å like

Det høyrest for godt ut til å vere sant. Og er det òg. Men la oss leggje skepsisen til side ein augneblink og heller nyte det som er ein klassisk amerikansk sportsbil.
V8-aren startar med eit dempa brøl, og følgjer opp med ei lydkulisse som berre ein slik motor kan levere. På tomgang er lyden lun og dempa. Lar ein motoren spinne opp mot turtalsperra aukar intensiteten.

Artikkelen held fram under biletet

OVERSIKTLEG: Funksjonell førarplass med fin ergonomi og god køyrestilling. Delen hardplast er høg – men bilen er i utgangspunktet tenkt som ein billeg sportsbil.
OVERSIKTLEG: Funksjonell førarplass med fin ergonomi og god køyrestilling. Delen hardplast er høg – men bilen er i utgangspunktet tenkt som ein billeg sportsbil.

Ute på vegen er det lett å like Mustang. På motorvegen og på transportetappane er den ein behageleg «cruiser», med ein motor som jobbar velbalansert og mjukt i bakgrunnen. Så kan du ta av frå hovudvegen og finne dei svingete småvegane. Der kan du nyte den fine styringa og den nydelege girkassa.

Enkelt og velavstemt

Mustang beviser med at køyreglede ikkje heng saman med kor sofistikert bilen er. Her er det enkelt, men utruleg godt avstemt. Ta girkassa, som med sine korte utvekslingar og rappe slag mellom gira gjer sjølve girskiftet til ein underhaldande del av heile opplevinga. Det same gjeld den lettdoserte kløtsjen. Så har du motoren. Få ting slår ein fem liters V8-ar når det gjeld lineær kraftbruk og gangkultur. Ulempa med digert slagvolum, 418 hestar og 530 newtonmeter, er forbruket. Det er forrykande. Køyrer du aktivt, er du raskt på feil side av 1,5 liter på mila.

Artikkelen held fram under biletet

GT: Utgåva med V8-ar heiter GT.
GT: Utgåva med V8-ar heiter GT.

Underfundige funksjoner

På dei fleste marknadar er Mustang ein billeg sportsbil. Det merker ein på interiøret. Hardplast dominerer, og berre dei skinnkledde bøtteseta frå Recaro gjev ei viss kjensle av luksus i dei elles spartanske omgjevnadane. Men det gjer ikkje noko. For Ford har fanget linjene frå 60-talet, og oversynet er godt.

Leiken har ein òg vore i Ford. I speedometeret refererer hastigheita til «Ground Speed», og langt nede i nokre undermenyar finst ein funksjon som heiter «Line Lock». Kort fortalt lèt den deg ta ein real «burnout» ved at den låser framhjula og lèt bakhjula spinne.

Artikkelen held fram under biletet

418 HK: V8-aren har eit slagvolum på fem liter og leverer 418 hestekrefter.
418 HK: V8-aren har eit slagvolum på fem liter og leverer 418 hestekrefter.

Avgiftsdrept

Det skulle ta 67 år å få Ford Mustang til Europa. Offisielt har bilen aldri vore seld her, men no er den altså tilgjengeleg for europeiske entusiastar òg. Bilane som kjem hit er modifiserte med meir sportslege dekk, stivare understell og større bremser. Det gjev betre køyreeigenskapar og høgare reserver. Giftig vert Mustang aldri – berre underhaldande og morosam.

Artikkelen held fram under biletet

MOROSAM: I Ford Mustang GT er det vegen til målet som er det morosame.  
MOROSAM: I Ford Mustang GT er det vegen til målet som er det morosame.  

Heilt til me kjem til prisen. For då er ikkje Mustang lystig lenger. Effektavgifta er 330.763 kroner, medan det høge utslippet av CO2 vert skattlagt med 381.759 kroner. Totalt, med vrakpant og vektavgift, tener staten 828.197 kroner for kvar Mustang som vert seld her heime – og det på ein bil som utan avgifter kostar 391.803 kroner. Totalt må du altså leggje 1.220.000 kroner på bordet for å kunne hengje Mustang-nøklane på nøkkelskjoldet i gangen. Ein slik sum er det neppe mange som vil bla opp med. Spesielt ikkje sidan same beløp også gjer at du kan hengje nøklane til ein Porsche Cayman GTS på det same skjoldet. Dermed blir Mustang ein parentes her heime. Spesielt med den største motoren. Det er synd – for det er lenge mellom kvar gong ein finn bilar med så mykje karakter.

(©NPK) 
 

Til toppen