NYSKAPANDE: 600 ungdom frå heile Sogn er samla i Årdalshallen torsdag for å syne fram ungdomsbedrifta si. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYSKAPANDE: 600 ungdom frå heile Sogn er samla i Årdalshallen torsdag for å syne fram ungdomsbedrifta si. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

600 nyskapande ungdommar frå Sogn er samla i Årdal

Elevar frå heile Sogn syner fram sine ungdomsbedrifter.

Årdal: Årdal kommune er vertskap for Sogn regionråds entreprenørskapsmesse i 2016, og torsdag er vel 600 ungdommar frå heile Sogn samla i Årdal for å syne fram sine ungdomsbedrifter.

Les også: – Utruleg kjekt å vera her

Ungdom frå Aurland, Balestrand, Høyanger, Luster, Leikanger, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal står for over 20 bedrifter som torsdag har stand i Årdalshallen.

– Det er voldsomt kjekt. Det er det ingen tvil om. Det er kjekt å kunne visa dei industrien og næringslivet vårt, slik at dei får sett det med eigne augo. Eg trur det har større betydning enn å høyra om Årdal, seier ordførar i kommunen Arild Ingar Lægreid.

– I tillegg har ein dette med å sjå moglegheitane i Årdal med eit utdanningsløp som kan ende med lærekontrakt og arbeid i industrien, legg han til. 

Ordførarane i Sogn gjekk rundt i hallen for å helse på ungdommane som står bak dei ulike bedriftene og snakke med dei. Før det opna det unge og talentfulle bandet System of Six messa etterfulgt av velkomsttale frå Lægreid og dagens konfransierar Synne Hunshammer Haug og Silje Larsen.

– Dette er det kjekkaste møtet me har i Sogn regionråd. I år er det Årdal sin tur, og me har fått ei strålande opning. No har me gått rundt og sett på bedriftene. Det er utruleg mykje spennande og kreativt som ein gong i framtida vil bli noko spennande innanfor næringsutvikling, seier Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll.

Ordførarane drog mellom anna fram bedrifta som hadde laga kiosk for bilistar som stod i kø ved Høyangertunnelen.

– Det var ein av dei beste når det kjem til å sjå moglegheit i noko som i utgangspunktet er negativt. Det er kjempebra. Det er mykje spennande å sjå, seier Trond Øyen Einemo, som er varaordførar i Lærdal. 

Klokka 12.00 skal ordførarane i Sogn regionråd ha møte før dei blir med på avslutninga rundt 14.30. Då skal den beste bedrifta kårast av ein jury. 

Til toppen