jotunheimen_rundt_4
jotunheimen_rundt_4

600 syklistar klare for 4609 høgdemeter

Fredag ettermiddag og kveld går startskota for Jotunheimen Rundt.

Lærdal/Sogndal: – Me har maks tal deltakarar i høve det me har sett som grensa på fullversjonen, medan det er nokre ledige plassar i den korte versjonen, fortel Håkon Nesse i rittleiinga.  

Jotunheimen Rundt startar fredag ettermiddag og kveld for dei ulike gruppene; først lag, så «mosjonistgruppa» og til slutt dei beste som syklar for å koma rundt Jotunheimen kjappast mogleg.

– Me har eit lag som heiter Aurora Borealis, dei har sagt dei vil prøva å ta rekorden (12 timar og 28 minuttar, sett i 2004 av Tronn Skjerstad). Men det er ikkje hovudfokus for meg Ein liten prosentdel jagar tider, medan den aboslutte hovudmengda syklar for turen og opplevinga sin del, og det er hovudpoenget med rittet.

Fullteikna på under eitt døgn

Mange vil nok seia det er ein prestasjon berre å fullføra; harde fakta er at rittet består av 430 kilometer og 4609 høgdemeter. Løypa går frå Lærdal sentrum, over Filefjell til Fagernes, opp på og over Valdresflye, ned til Lom og oppatt over Sognefjellet, nedatt til Fortun, rundt Lustrafjorden og målgang i Sogndal. 

Beintøft til trass, svært populært er det.

– Påmeldinga til fullversjonen var full på under eitt døgn, 450 påmelde på tolv timar. Det har vore fullteikna alle dei tre siste åra, men me var nesten sjokkerte over  kor fort det gjekk i år, seier Nesse.

– Kvalitet framfor kvantitet

– Kvifor er de så populære, trur du?

– På grunn av kvaliteten på rittet; me har flinke folk, gode matstasjonar, gode hjelparar og set tryggleiken i fokus. Så er det ei fantastisk løype; ingenting slår å sykla rundt Jotunheimen sli. Me får spørsmål om me ikkje skal utvida deltakartalet, men då svarar eg at me satsar på kvalitet i staden for kvantitet. Ein skal takla å serva deltakarane også.

Vêrmeldingane natt til laurdag er litt ymse med noko nedbør. Utan at det bekymrar Nesse i stor grad.

– Syklistane kler seg deretter og me har fem klesdepot rundt i løypa der dei kan skifta, så det er ikkje noko problem. Det skjer alltid at nokre kler seg for lett, men me har bussar som køyrer etter og tek med seg dei som bryt.

Nesse reknar med at førstemann går i mål i Sogndal sentrum laurdag morgon klokka 9. I Sogndal blir det også grilling og after bike utover dagen, og på kveldinga samlast dei som vil av syklistane på Kafè Krydder.

Til toppen