Årdal: Torsdag neste veke skal 600 unge entreprenørar samlast i Årdalshallen og på Kulturhuset i Øvre Årdal for å syna fram si bedrift.
Både Farnes og Tangen skule er med på å arrangera messa.
Sogn regionråd og Ungt Entreprenørskap inviterer for åttande gong til messe for alle ungdomsskulane i Sogn.
Les også: Kjekk oppleving - sjølv utan topplassering
Skaparlyst og kreativitet
– Entreprenørskap handlar om initiativ, skaparlyst og kreativitet. Dette handlar om kreative og varierte undervisningsformer i skulen. Det handlar om å drive elevaktiv skule, også utanfor skuleporten, skriv Årdal kommune på sine heimesider.
På messa i Årdal kjem alle 8. klassingane på ungdomsskulane i Sogn. Dei skal både sjå på, lære av og vurdere dei beste elevbedriftene frå 9. klassane.
Les også: Idèen som kan redde liv
I tillegg skal 8. klassingane på ulike bedriftsbesøk i Årdal. Mest spanande blir det å høyre på elevbedritta Safesound frå Årdal vidaregåande skule. Dei har tatt det lange løpet frå elevbedrift til aksjeselskap!
Det skal konkurrerast i seks premiekategoriar.