VGS: Andre inntak til vidaregåande opplæring er klart.
VGS: Andre inntak til vidaregåande opplæring er klart. (Foto: Arkiv)

63 fleire får skuleplass etter andre inntak

Det skriv Fylkeskommunen i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane: Andre inntak til vidaregåande opplæring skuleåret 2019-20 er klart, og 3677 søkjarar har no fått tilbod om skuleplass. 

Svarfrist  for søkjarar som har fått tilbod ved andre inntaket er 2. august.

125 søkjarar står utan tilbod 

Etter første inntak fekk 89 prosent av søkarane med ungdomsrett tilbod om skuleplass på det programområdet dei hadde som førsteval for 2019-20.

Etter andre inntak står 125 søkjarar med ungdomsrett utan tilbod. Søkjarane på ventelistene fordeler seg på dei fleste skular og utdanningsprogram.

Det er no 441 ledige skuleplassar ved dei vidaregåande skulane.

Skulane tek over inntaket 

Det er dei vidaregåande skulane sjølve som tek over inntaket frå 12. august.

Oversikt over ledige skuleplassar per 26. juli finn du på heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune: www.sfj.no.

Til toppen