VIL AT FLEIRE VEL YRKESFAG: At du kjem deg raskt ut i arbeid, og unngår stort studielån er to av dei sju gode grunnane til å velje yrkesfag skriv Torbjørn Vereide (t.v) og Roger Pilskog (t.h).
VIL AT FLEIRE VEL YRKESFAG: At du kjem deg raskt ut i arbeid, og unngår stort studielån er to av dei sju gode grunnane til å velje yrkesfag skriv Torbjørn Vereide (t.v) og Roger Pilskog (t.h). (Foto: privat)

MEININGAR

7 grunnar til å velje eit yrkesfag.

Yrkesfag opnar yrkesvegen i mange retningar, og sperrar ikkje sjansen for seinare å ta høgare utdanning, skriv Torbjørn Vereide og Roger Pilskog.

SOGN: 1.mars er frist for alle 10. klassingar til å søkje vidaregåande skule, og i desse dagane føregår det viktige diskusjonar i både heimar og vennegjengar om kva studieval ein skal velje for framtida.

I diskusjonane om yrkesval, får den viktige fag- og yrkesutdanninga for lite merksemd.
Allmennfag eller studiespesialiserande er sjølvsagt viktig, men samfunnet og
næringslivet skrik etter personar med yrkesutdanning. I følge Statistisk sentralbyrå
vil vi mangle om lag 90.000 fagarbeidar i 2035. Med andre ord er yrkesvegen eit sterkt
kort for å sikre seg eit arbeid i framtida.

Fagbrev kan føre vere veg til høgare utdanning òg

Ei utdanning innan yrkesfag startar som hovudregel med to år på ein vidaregåande skule
og deretter to år i lære i ei bedrift. Etter læretida går alle opp til fagprøve og får eit
fagbrev. Etter fullført fagbrev ligg vegen framleis open for høgare utdanning dersom
ein ønskjer det. Du kan velje Y-vegen til ein fagskule eller ein høgskule eller eit
universitet. Er du til dømes elektrikar med fagbrev, kan du kome direkte inn på
elektroingeniørstudiet utan å ha generell studiekompetanse.

Det er med andre ord utdanningsretningar for alle interesser.

I vidaregåande opplæring er det 180 yrkesfag å velgje mellom. Det er med andre ord
utdanningsretningar for alle interesser. Bedriftene våre vil ha den beste arbeidskrafta.
All erfaring viser at dei mest etterspurde ingeniørane, er dei som har arbeidserfaring
gjennom eit fagbrev. Desse har med seg praktisk erfaring og ein kompetanse som er gull
verdt for samfunns- og næringslivet

Yrkesfag opnar yrkesvegen i mange retningar. Denne vegen sperrar ikkje sjansen for
seinare å ta høgare utdanning. Arbeids- og næringslivet ventar på din kunnskap og
kompetanse.

Her er 7 gode grunnar for å velje yrkesfag og seinare få fagbrev:

1. Du kjem deg raskt ut i arbeid
2. Du får løn i læretida under utdanning
3. Du unngår stort studielån
4. Du kan velje 180 spennande utdanningsretningar
5. Du kjem hurtigare inn i bustadmarknaden
6. Du blir god til å løyse praktiske problem og jobbe sjølvstendig
7. Du sperrar ingen utdanning- og jobbmoglegheiter, men opnar for fleire

Til toppen