PYNTAR: Årdalstangen Musikklag syner fram den rike historia si ved å pynte opp eit tomt butikkvindauge i sentrum. – Ideen kom som eit innfall, seier leiar Wenche Hals Kulset (t.v.). Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PYNTAR: Årdalstangen Musikklag syner fram den rike historia si ved å pynte opp eit tomt butikkvindauge i sentrum. – Ideen kom som eit innfall, seier leiar Wenche Hals Kulset (t.v.). Foto: Truls Grane Sylvarnes.

70 år med korpshistorie pyntar opp i vindauget

I år er Årdalstangen Musikklag 70 år. No kan forbipasserande mimre i butikkvindauget.

Årdal: I dei tomme butikkvindauga ved bussplassen på Årdalstangen har musikklaget nemleg stilt ut massevis av effektar for å syne fram historia til korpset.

– Det kom som eit innfall. Me snakka om ei utstilling i lokala våre eller på rådhuset, men så datt denne ideen plutseleg inn, seier leiar Wenche Hals Kulset.

Tomme lokale er eit problem mange bygder slit med, og då er slike påfunn absolutt gode idear for å skape liv. Det er ikkje første gongen ein finn på noko lurt med tomme vindauge i Årdal. Til dømes har ein pynta opp tomme vindauge med naturfoto.

Symbolikk

Passerer du vindauget til korpset, vil du sjå drøssevis med effektar frå korpset si lange historie. Mykje av det skal symbolisere kva korpset står for.

Artikkelen held fram under biletet.

LYSER OPP: Eit elles mørkt og tomt butikkvindauge vert smart utnytta til å syne fram 70 år med historie.
LYSER OPP: Eit elles mørkt og tomt butikkvindauge vert smart utnytta til å syne fram 70 år med historie.

– Me har til dømes ein gamal uniform frå Tangen skulemusikk og den andre uniforma til korpset. Desse står ved sidan av kvarandre for å symbolisere at me er eit generasjonskorps, fortel Kulset.

Dessutan kan ein sjå gamle instrument, vaffeljern som symboliserer dugnadstimane dei legg ned og nisselue for å syne at dei gjer ein del stunts også.

Ønskjer fleire musikantar

– Årdalstangen Musikklag lever i beste velgåande, men ein kan ikkje kvile. Me må erkjenne at gjennomsnittsalderen er ganske høg, så dersom det går 10-15 år utan fornying, er det ikkje sikkert me kan spele på til dømes 17. mai meir, seier ho. 

I februar vert jubileumet feira når korpset arrangerer konsert.

Til toppen