70 år sidan krigen tok slutt

70 år sidan krigen tok slutt

8. mai er det 70 år sidan frigjeringsdagen i 1945. I den samanheng vil Porten.no fortelja ulike historier frå denne tida.

  • Endret

Porten.no har fått lov av Sogelaget til å gjengi nokre tekstar som stod på trykk i dei første utgjevingane deira. Denne teksten er ein samtale med Arne I. Jevnaker, der han snakkar om hans opplevingar under krigen og kjensla av frigjeringa den 8. mai 1945. Teksten stod på trykk i Årdal Før og No, nummer 5 og er forfatta av Kåre Bruhaug.

Samtale med Arne I. Jevnaker om krigen og frigjeringa

Arne I. Jevnaker (fødd 1917) fekk mobiliseringsordre allereie same dag som krigen braut ut. Då blei han innkalla til å møta opp på Voss, for deretter å bli sendt vidare med tog austover. Ferda med tog gjekk til Gol. Der starta dei marsjen over Sanderstølen og vidare bort til Tonsåsen, der dei slo leir ved Hotell Breidablikk.

Her kom det første møtet med tyske soldatar, og dette var nok alvorlege saker for nokre av kameratane til Arne vart skadeskotne. Dette var om lag i midten av april. Etter desse trefningane blei troppen spreidd av naturlege årsaker. Tyskarane var langt fleire. I Bagn i Valdres blei store delar av troppen som Arne høyrde til teken til fange. Dei blei plassert i godsvogner i eit døgn før dei vart frakta vidare til Valsmoen på Hønefoss.

Her blei Arne i lag med mange fleire plassert som fangar, og dei sat der i elleve døgn. Arne seier at alle rekna med at dette berre var ein mellombels stoppestad før dei vart sendt vidare til Tyskland og til fangeleirane der.

Vart slept fri

Årsaka til at dei slapp fri etter så kort tid er ikkje Arne mykje i tvil om; personell frå den norske raude krossen var dei som hjelpte dei. Arne fortel at for at ein skulle koma seg fri var det naudsynt med sivile klede. Dei var alle uniformerte. For Arne sin del vart dette ordna ved at han fekk kjøpt seg ein kjeledress, eit par gamle sko og ei huve gjennom ei dame frå raude krossen.

Først gjekk dei til fots til Hønefoss der dei blei plasserte i Folkets hus. Her fekk dei, som Arne seier, eit herremåltid. Det var surmjølk og grynmjølsgraut. Arne hugsar dette som det beste måltidet han hadde ete på lenge. «Straffen› for dette gode måltidet var at dei måtte sitja her og sjå på tysk propagandafilm i to timar. Etter nokre døgn med overnatting hå private kom endeleg løysinga på heimreisa.

Han og dei andre som skulle til Årdal og Sogn skulle få følgja Lærdal & Maristuen-bilane til Lærdal. Frå Lærdal til Årdal fekk Arne følgja ein motorbåt. Dette var om kvelden 17. mai.

Minnast med gru behandlinga fangane fekk

Vidare kontakt med tyskarane var i det daglege i Seimsdalen. Her gjekk livet nokon lunde som vanleg, men han hugsar mangelen på mat som eit problem. Kanskje var ikkje dette problemet størst for bygdefolket, men for dei russiske og franske fangane var dette eit alvorleg problem.

I det Arne nemner dei russiske og franske fangane får han tydeleg eit trist uttrykk i ansiktet. Han minnast med gru den handsaminga desse fekk. Dei vart slegne både med staur og stokkar til dei ikkje greidde å lea seg meir. Dette er tydeleg noko som sit sterkt i minne hjå Arne, og kanskje fleire. 

Livet under okkupasjonen

Vidare var det ting som heile tida minna ein på at ein var under okkupasjon. Blant anna hugsar Arne ein gong han kom til Tangen med systera si. Ho hadde gløymt passet. Dette kunne nok by på problem, men dei hadde ikkje tid til å ro attende fordi ho skulle til legen, så dette fekk berre stå sin prøve.

Det vanskelegaste i slike situasjonar kunne vera dei norske nazistane. Var du ikkje på godfot med desse, fekk du problem. Men denne gongen, hugsar Arne, ordna «Spa'knekten» opp. Han var ein tysk vaktmann som i utgangspunktet kanskje ikkje var noko umenneske, men han ha dei likevel klar beskjed om å koma forbi hjå han når dei skulle attende til Seimsdalen.

Irriterte tyskarane

Arne var dreng på Årebru i 1940/41, og i denne samanheng hugsar han ein gong han skulle vera med Sjur Årebru på stølen for å henta heim stølsveden. I nokre sel framme på dalen hadde tyskarane funne seg vel til rette ved at dei hadde laga til køyar opp etter veggane, og under desse låg det noko utstyr som Sjur og Arne måtte ha.

Tyskarane som var inne, låg og sov, men Arne seier han aldri nokon gong hadde laga så mykje bråk for å få fram utstyret til løypestrengen. Dette likte dei svært lite og jaga han på dør. Dette var tidleg på sommaren, og løypestrengen hadde ikkje vore å bruk på lenge. I det Arne sende første lasset nedover strengen stod ei raud rustsky oppover alle lier, og tyskarane greip til våpen med ein gong. 

Dei la dei heldigvis fort ned att då dei skjøna kva det var for noko. Før Sjur og Arne skulle reisa ned att, baud tyskarane Sjur inn i selet på ertesuppe saltakjøt. Arne måtte venta ute, kanskje ikkje så rart slik han hadde bråka.

Angrepet på D/S Palmyra

Arne hugsar det kom ein tysk lastebåt i april 1945 og la til kai. Han meiner dette var ein båt tyskarane skulle bruka for å frakta ein del verktøy og utstyr vekk frå årdal. Ut på ettermiddagen ein dag såg han det kom eit britisk fly over bygda, og han gav då beskjed til dei andre ute på Haugen (heimplassen) at i kveld kom det til å skje noko.

Artikkelen held fram under bileta.

MERKE: Kulemerke i krana på kaien i Saltviki etter skytinga mot Palmyra.
MERKE: Kulemerke i krana på kaien i Saltviki etter skytinga mot Palmyra.
HOL: Flyangrepet mot Palmyra sette spor etter seg i Bortigarden på Hæreid. Her kulehol i eldhuset.
HOL: Flyangrepet mot Palmyra sette spor etter seg i Bortigarden på Hæreid. Her kulehol i eldhuset.

Arne reiste avgarde med robåten, for dette skulle han ha med seg. Han rodde inn til «Nobbedn» og sette seg vel til rette og venta. Han trengte ikkje venta lenge for med eitt kom det fleire britiske bombefly og sette i gong eit fyrverkeri utan like. For bygdefolket gjekk det heldigvis bra, noko det òg gjorde for tyskarane. Arne meiner det var eit stort lager med trelast som låg heilt ytst på kaien som berga båten.

Norsk flagg og hakekors

Arne var formann i ungdomslaget i Seimsdalen på slutten av krigen, og han fortel om ein gong då han reiste inn i ungdomshuset, som tyskarane leige hjå ungdomslaget under heile krigen, fordi dei hadde laga til hakekors ut av bjørkeris og hengt dette opp på veggane. Ungdomslaget hadde ?og eit norsk flagg som hang på veggen inne, og dette hadde dei teikna hakekors på. 

Han gav beskjed om å fjerna dette elles ville dei bli melde til Lensmann Askeland. Då reagerte dei fort, for dette var ein kar dei tydeleg hadde respekt for.

Frigjeringa

Om kvelden 8. mai 1945 fekk Arne og nokre andre beskjed hjå Erik i Øyane om at no var endeleg freden komen. Allereie same kvelden kom det ein båt (Trygg) frå Solvorn med væpna heimevernsoldatar. Soldatane tok oppstilling på kaien inne på Tangen med ein gong, noko som for bygdefolket var eit kjærkome syn.

Noko Arne hugsar svært godt i samband med dette var kva som skjedde i det dei siste tyskarane skulle forlate bygda. Då nytta både bygdefolket og ein del av fangane sjansen til å visa kva dei meinte om tyskarane sitt nærver. Dei kasta både radioar og alt anna utstyr som tilhøyrte tyskarane så langt dei kunne. Nokre av dei var heller ikkje redde for å fornærma tyskarane på andre måtar.

Nokre av russarane hadde tydelegvis førebudd seg på dette for dei storma rett og slett mot kaien i håp om å få tak på nokre av motstandarane. Arne hugsar at heimevernsoldatane prøvde å laga til ei form for sperring, men dette feia russarane vekk som om det skulle vera fyrstikker. Hadde det ikkje vore for heimevernsoldatane, hadde nok ein del av fangane kome til å drepe dei tyskarane dei hadde fått tak i.

Etter det meste hadde roa seg, var det fleire som tok seg ein fest. Ein fest som gjorde godt! Heilt til slutt har Arne ønskje om å koma med ein påstand han meiner er på sin plass:

Hadde maten vore betre i det norske forsvaret (dei fekk stort sett berre små stykker med gaudaost) og hadde dei hatt tilgang på same type våpen som tyskarane, så ville tyskarane aldri klart å okkupera Noreg.

Til toppen