DYSTRE TAL: Tala frå Statistisk sentralbyrå syner at Årdal kommune har hatt ein drastisk nedgang i innbyggjartalet det siste året. Foto: Arkiv
DYSTRE TAL: Tala frå Statistisk sentralbyrå syner at Årdal kommune har hatt ein drastisk nedgang i innbyggjartalet det siste året. Foto: Arkiv (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

70 færre innbyggarar på eitt år

Verken Årdal eller Lærdal kjem særleg bra ut på dei ferske kvartalsmålingane om folkevekst i kommunane. 

Tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at folketalsveksten i kommunane Årdal og Lærdal er negativ, som følgje av blant anna fleire dødsfall enn fødslar. 

På grunn av innvandring har Lærdal likevel tre fleire innbyggarar i tredje kvartal i år samanlikna med same kvartal i 2014, og totalt 2 163 personar er no busett i Lærdal kommune.

Dårlegast stilt av desse to kommunane er Årdal, der tala frå SSB syner at det på eitt år er heile 70 færre innbyggarar i kommunen. Statistikken frå SSB går attende til 2008, og i denne perioden har det aldri vore lågare folketal i Årdal som no med 5 391 innbyggjarar pr. tredje kvartal 2015.

Innvandring skapar vekst

På fylkesnivå er dei ei svak auke med seks fleire personar i tredje kvartal i år, samanlikna med same kvartal i fjor.

I ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff at tala viser store utfordringar med å få til ei vesentleg auke i folketalet.

– Tala viser at me på regionalt og kommunalt nivå må utvikle mål- og handlingsretta strategiar både for å få innvandrar til å bli i fylket, og for å redusere innanlands utflytting, seier fylkesdirektøren i pressemeldinga.

I pressemeldinga kjem det fram at innvandringa til fylket var i tredje kvartal på 68 personar i høve same periode i 2014, og utvandringa på fire. Dette viser at det er innvandringa som framleis skapar folkeveksten. Nettoinnflyttinga, med både innanlands flytting og innvandring, er soleis på 24 personar.

Aukar i fylket

Generelt i Sogn og Fjordane er det ei auke i folketalet med 400 fleire personar så langt i år. Fylket tel no 109 570 innbyggarar, der Sunnfjord- og Sogndalsregionen tek om lag 90 prosent av folketalsauken ved utgangen av tredje kvartal. 

Innanlands tilflytting auka med ti personar i høve same periode i 2014. Samstundes auka innanlands utflytting med 50 personar.

Til toppen