Indre Sogn: – Det er so mykje flott å sjå her, og me vert so godt mottekne. Difor kjem me attende år etter år.
Tom Stiansen er programleiar i det populære reality-programmet 71° nord. Gjennom tv-skjermen får tusenvis av nordmenn oppleva norsk natur på sitt beste, og i år som før går turen innom Sogn.
I mars i år gjekk kjendisutgåva av programmet på fjernsynet, og heile tre etappar var lagt til Sogn. Her skulle deltakarane mellom anna sova i hengekøye ved Vettisfossen i Årdal, 275 meter over bakken.
– Me kan ikkje fortelja noko om kva deltakarane skal gjera denne sesongen, men me kan garantera at dei også i år har fått gode naturopplevingar, seier Stiansen.
Les også: Her får fotballproffen eit luftig møte med Vettisfossen
20-års jubileum
71° nord vart for fyrste gong sendt på tv i 1999. Sesongen dei no filmar vert altso 20-årsjubileet til programmet. Me kan sikkert venta oss spanande augeblinkar, men akkurat kva konkurransar dei har filma kan me berre spekulera på.
– Eg kan i alle fall avsløra at de vil sjå mykje godt vêr frå Sogn, seier Stiansen.
