NYTT VEGDEKKE: Berget - Gjerde i Jostedalen er ein av vegane som skal få nytt vegdekke i Indre Sogn.
NYTT VEGDEKKE: Berget - Gjerde i Jostedalen er ein av vegane som skal få nytt vegdekke i Indre Sogn. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

72 kilometer veg i fylket får nytt dekke: Sjå kva veg det gjeld i Indre Sogn

Vestland fylkeskommune skal frese, vegmerke og asfaltere fylkesvegar for til saman 79,3 millionar kroner, det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Vestland: Til asfalt vil det gå med omlag 60 millionar kroner.

Det betyr at 72 kilometer fylkesveg vil få eit nytt og tryggare dekke.

I fjor blei det asfaltert for om lag 172 millionar kroner i tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland fylke. 

Mangel på peng til vegdekke

– I år har me lite pengar til asfaltering, så samanlikna med i fjor blir det ikkje så mange fylkesvegar som får nytt dekke og asfalt, seier Åsmund Sekse, leiar for vedlikehald sør i Vestland fylkeskommune. Det ser ut til at det kjem meir midlar til dekkelegging neste år.

Dekkearbeidet vil starte i midten av mai, og det blir trafikkdirigering på alle plassar der asfaltering skjer.

Vegane i Indre Sogn som får nytt vegdekke er:

Balestrand:
Fylkesveg 13, Draksvik FK

Årdal:
Fylkesveg 53, Bermåltunnelen - Sandnes x 5

Vik:
Fylkesveg 5603, Krossveghola

Luster:
Fylkesveg 604, Gjerde - Bergset
Fylkesveg 5641, Stølsnestunnelen - Veitastrand 

Til toppen