NY STORKOMMUNE: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) kan konstatere at kommunekartet og fylkesgrensene vil bli endra som eit resultat av reformarbeidet til regjeringa. I Sogn vert Sogndal, Leikanger og Balestrand slått saman. Foto: Halvor Farsund Storvik.
NY STORKOMMUNE: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) kan konstatere at kommunekartet og fylkesgrensene vil bli endra som eit resultat av reformarbeidet til regjeringa. I Sogn vert Sogndal, Leikanger og Balestrand slått saman. Foto: Halvor Farsund Storvik.

74 kommunar forsvinn frå kartet 

Talet på kommunar blir kutta frå 428 til 354 med tvang i elleve tilfelle. Det har Stortingets kommunalkomité komme fram til.

  • Endret

Regjeringas eine samarbeidsparti KrF seier nei til tvang, men Venstre sikrar fleirtal for dei største endringane i kommunestrukturen sidan 1950-talet. Heilt til det siste var det spenning om enkeltkommunar, i nokre tilfelle var meiningane delte også mellom dei to regjeringspartia.

– Det er behov for sterke og livskraftige kommunar for å realisere måla med reforma. Den skal sørgje for gode og likeverdige tenester til innbyggjarane, seier kommunalkomiteleiar Helge André Njåstad (Frp).

Sp-finte

Då regjeringa la fram sitt forslag til kommunereform, låg det an til ein fasit på 358 kommunar. Når Torsken, Berg og Trøgstad blir slått saman med andre kommunar, og Flora og Vågsøy fusjonerer, blir talet 354.

Ei endeleg avgjerd skal fattast av Stortinget 8. juni. Og det vil skje med alle dei 169 representantane til stades – takka vere Senterpartiet. Partileiar Trygve Slagsvold Vedum seier nei til utbytting, nok som gjer det nødvendig for alle andre også å møte med full gruppe ved voteringa.

– Enkelte ville sikkert synest det ville vere behageleg å sleppe unna, men vi skal sørgje for at alle representantane møter i Stortinget og voterer over tvangssamanslåingane av kommune og region. Kvar enkeltrepresentant må stå til ansvar overfor sine veljarar i denne saka, seier Vedum til  VG.

Regionar

Kommunalkomiteen kom torsdag også med innstilling om regionreforma. Her er det ingen endringar i forhold til det som er kjent frå før. Stortingsfleirtalet legg dermed opp til at 19 fylke skal erstattast med elleve nye regionar.

Blant det mest kontroversielle er å slå saman Troms og Finnmark. Til liks med tvangssamanslåingane i kommunereforma har dei raudgrøne partia opna for å reversere desse samanslåingane dersom dei vinn valet.

Njåstad og regjeringa meiner reforma vil medføre fleire oppgåver til meir økonomisk robuste kommunar. Men reforma er også omstridd og inneber ulik bruk av tvang ved elleve samanslåingar. Tvangstilfella er:

  • Hobøl, Askim, Spydeberg, Eidsberg og Trøgstad.
  • Tranøy, Lenvik, Torsken og Berg.
  • Bjugn, Ørland.
  • Mandal, Marnardal, Lindesnes.
  • Kristiansand, Søgne, Songdalen.
  • Sogndal, Balestrand, Leikanger.
  • Tysfjord blir delt i to. Ein del blir slått saman med Narvik og Ballangen, resten med Hamarøy.
  • Skedsmo, Fet, Sørum.
  • Ålesund, Sandøy, Skodje, Ørskog, Haram.
  • Roan, Åfjord.
  • Vikna, Nærøy, Leka, Bindal.

(©NPK)

Til toppen