HØG STRYKPROSENT: Berre 118 lærarstudentar av 485 bestod forkurset i matematikk, ifølgje Kunnskapsdepartementet. Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane.
HØG STRYKPROSENT: Berre 118 lærarstudentar av 485 bestod forkurset i matematikk, ifølgje Kunnskapsdepartementet. Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane.

75 prosent av lærarstudentane strauk på matteprøve

Berre 118 lærarstudentar av 485 bestod forkurset i matematikk, ifølgje Kunnskapsdepartementet.

Sogndal: Det er jamt over dårlege resultat landet rundt, skriv nettavisa Khrono.no.

Ved NTNU var strykprosenten 85, medan 69 prosent strauk ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Ved Universitetet i Oslo fekk 6 av 32 bestått medan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var strykprosenten på 69,2 prosent. 

– Me vil no evaluere gjennomføringa av forkursa. Vi vil også sjå på forskjellane mellom studiestadane, når det gjeld delen som har bestått og ikkje, seier fungerande kunnskapsminister Elisabeth Vik Aspaker (H) i ei pressemelding.

Regjeringa har skjerpa karakterkravet i matematikk for å komme inn på lærarutdanningane. Frå i haust må ein ha minimum karakteren fire i matte frå vidaregåande skule for å starte på lærarstudiet.

Søkjarar som ikkje oppfylte kravet om ein firar, men som hadde minimum karakteren tre, fekk tilbod om å ta gratis forkurs for å kvalifisere seg. (©NPK)

Til toppen