VIDAREGÅANDE SKULE: Dei fleste kjem inn på fyrstevalet sitt ved dei vidaregåande skulane, men fortsatt står 78 søkjarar utan skuleplass.
VIDAREGÅANDE SKULE: Dei fleste kjem inn på fyrstevalet sitt ved dei vidaregåande skulane, men fortsatt står 78 søkjarar utan skuleplass. (Foto: Arkiv )

78 søkjarar med ungdomsrett står utan tilbod på vidaregåande skule

Etter andre inntak til vidaregåande skule står 78 søkjarar i Sogn og Fjordane utan skuleplass.

Sogn og Fjordane: I dag blei andre inntak til vidaregåande opplæring i skule klart, det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. 

3580 søkjarar har fått tilbod

No har 82 fleire søkjarar fekk melding om skuleplass for 2018-19. Totalt har 3580 søkjarar no fått tilbod om skuleplass dette året.

Etter andre inntak står 78 søkjarar med ungdomsrett utan tilbod. Søkjarane på ventelistene fordeler seg på dei fleste skular og utdanningsprogram.

Det er 392 ledige skuleplassar ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Til toppen