DUGNAD: Dugnadsinnsatsen i skyttarlaga er stor. Her representert med ein del av dugnadsgjengen til Farnes Skyttarlag. Foto:Kaja Nygård      
DUGNAD: Dugnadsinnsatsen i skyttarlaga er stor. Her representert med ein del av dugnadsgjengen til Farnes Skyttarlag. Foto:Kaja Nygård      

780 skyttarar har meldt sin ankomst

Mandag startar Lerum cup skyting i Indre Sogn. Dette er det tredje største skytestemne i Norge, med rekordstor påmelding i år. 

Indre Sogn: Mandag 16 mai går startskotet for det tredje største skytestemne i Norge. Det blir omtala som vårens vakraste eventyr, og skyttarane set av denne veka år etter år.  Skyte eventyret vert avslutta søndag 22 mai.

Leiar i Farnes skyttarlag Glenn Vie kan fortelje at det er påmeldt skyttarar frå heile landet, med rekordstor påmelding i år.

- I startfasen var det ca 200 påmelde skyttarar, sidan har berre cupen vokse. I fjor var det omkring 600 påmelde, og i år er det rekord med 780 påmelde skyttarar, fortel Vie stolt.

Han legg til at dei får mykje skryt av skyttarane, over kor velorganisert Lerum cupen er.

Det er også særs populært at det er premiering i alle klassane.

Fem arrangørar 

Det er Farnes, Knipenborg, Aurland, Sogndal og Leikanger skyttarlag som er arrangørar for årets Lerum cup. Dei påmelde skyttarane får såleis ein fin runde med skyting rundt i Indre Sogn.

Mange tek med seg familien sin og tek det som ferie.

- Det blir derfor storinnrykk denne veka, ein kan vente seg at Lerum cup dreg bort imot 1500 til 2000 mennesker iløpet av veka, seier Vie.

Vie legg til at alle skyttarlaga har eigen kafe, der ein kan følgje med på skytinga på stortavle. Ein kan treffe att folk i skytemiljøet, som ein kjenner frå før, så det er veldig sosialt.

Vie vil også dra fram resultatprogrammet som Kai Wigum har utvikla til Lerum cup.

- Dette programmet har fått veldig skryt på landsbasis. Det blir oppdatert rett etter kvar skyting, slik at skyttarane alltid kan sjå korleis dei ligg ann samanlagt. Dette er mogeleg då dei fem skyttarlaga er linka saman, fortel Vie ivrig.

Resultatlistene kan du følgje på skyttarlaga sine heimesider.

God dugnadsånd i skyttarlaga

Vie fortel at dette er eit stort arrangement. Dugnadsinnsatsen som alle fem skyttarlaga legg ned, både i forkant og under arrangementet, er stor.

- Det er mykje arbeid, men veldig moro å arrangere.

Vie fortel at også Farnes skyttarlag har stor velvilje i laget sitt, og dreg spesielt fram pensjonistgjengen.

- Dei er heilt fantastiske, dei står på og fiksar det meste, seier ein glad leiar.

Vie dreg også fram jegarane i laget, med Jarle Einan i spissen.

- Dei har ansvaret for parkeringa under Lerum cupen. I tillegg har dei i forkant rydda skog. Det er mykje som skal på plass under eit så stort arrangement.

Avhengig av sponsor

Vie legg ikkje skjul på at dei er heilt avhengige av sine sponsorar.

- Hadde det ikkje vore for dei, så hadde me aldri vore her me er i dag, så enkelt er det, seier Vie.

Han kan stolt fortelje at dei no har fått på plass fiber i Mjøen, slik at dei har internett.

- Det er takka vere stor velvilje frå Årdalsnett og Årdal Energi, at me har fått dette på plass no før Lerum cupen, seier Vie.  

Han legg til at Årdal Energi, saman med Sparebanken Sogn og Fjordane, er laget sine hovudsponsorar.

Vie er tydeleg rørt over velviljen til alle små og store bedrifter som bidreg, slik at dei kan halde på med skyte idretten.

- No håpar me at også vêret er med oss, slik at rammene kring arrangementet blir flott, avsluttar Vie.

 

Til toppen