ALDER INGEN HINDRING: Otto Joar Moldestad (79) fullførte Jotunheimen Rundt for 16. gong, men har ikkje tenkt å gje seg med det.
ALDER INGEN HINDRING: Otto Joar Moldestad (79) fullførte Jotunheimen Rundt for 16. gong, men har ikkje tenkt å gje seg med det. (Foto: Jørgen Ulrik Berg)

79-åring fullførte Norges tøffaste sykkelritt – sjå bilete

Etter over 27 timar på sykkelsetet var Otto Joar Moldestad (79) blant dei siste i mål. Likevel var han den som imponerte aller mest.

Lærdal/Sogndal: Totalt 583 syklar stod på startstreken i årets Jotunheimen rundt, eit 430 kilometer langt turritt med 4609 meter stigning. Heile 513 av dei som stilte kom til mål, i det som blir kalla det tøffaste sykkelrittet i Norge. 

Deltakaren som imponerte mest var kanskje Otto Joar Moldestad. Med sine 79 år var han desidert eldste ryttar. Drøye 27 timar brukte han på turen.

– Alle som fullfører er vinnarar, men jo eldre du blir, jo større er prestasjonen, seier rittleiar Håkon Nesse i Sogn CK.

Sjå fleire bilete frå rittet nedst i saka.

Les óg: Frank Løke angra på trusestuntet halvvegs i Jotunheimen Rundt

Trio først i mål

I mål kunne 79-åringen fortelja at han har planar om å sykla til neste år óg

– Han imponerer med ein vilje som er heilt i ein eigen klasse, seier Nesse.

Verd å merka seg var òg Claus Clausen (62), som fullførte for 29. gong, den einaste som har klart det alle gongane rittet har blitt arrangert. 

Først over målstreken var Eirik Langøy frå Fredrikstad FK, Atle Thoresen frå Hasle-Løren IL og Eivind Nordal Gran frå Holmenkollen CK. Trioen kom saman til Sogndal 12 timar og 44 minutt etter at dei forlet Lærdal. Elisabeth Solberg vann dameklassen, og vart nummer 43 totalt med tida 13 timar og 47 minutt. 

Sondre Teigen Lillebostad frå arrangørklubben Sogn CK vart beste lokale ryttar på 46. plass. 

Dei frivillige får mykje skryt

Rittleiaren fortel om eit arrangement som i det store og heile gjekk smertefritt.

– Det vart, som alltid vil eg påstå, ein kjempesuksess. Me var svineheldige med vêret, og hadde sol og gode temperaturar heile vegen, seier Nesse.

Det krev mykje planlegging og logistikk for å arrangera eit slikt løp. Det hadde ikkje gått utan ein stor dugnadsinnsats. Rittsjefen anslår at rundt 70-80 frivillige stilte opp, mellom anna på matstasjonar og i servicebilar.

– Dei får masse skryt av deltakarane, ikkje minst fordi dei er så blide og hjelpsame. Dei gjer ein kjempejobb, seier Nesse.

EIT HALVT TUSEN TØFFINGAR: Rett i overkant av 500 syklistar fullførte årets Jotunheimen Rundt. (Foto: Jan Christian Jerving)
EIT HALVT TUSEN TØFFINGAR: Rett i overkant av 500 syklistar fullførte årets Jotunheimen Rundt. (Foto: Jan Christian Jerving)
EIT HALVT TUSEN TØFFINGAR: Rett i overkant av 500 syklistar fullførte årets Jotunheimen Rundt. (Foto: Jan Christian Jerving)
EIT HALVT TUSEN TØFFINGAR: Rett i overkant av 500 syklistar fullførte årets Jotunheimen Rundt. (Foto: Jan Christian Jerving)
EIT HALVT TUSEN TØFFINGAR: Rett i overkant av 500 syklistar fullførte årets Jotunheimen Rundt. (Foto: Jørgen Ulrik Berg)
Til toppen