KLIMASMART: Helene (17) har bestemt seg for at dette året skal ho kun handle klede frå brukt butikkar og via appen «Tise» for å kunne være med å påverke miljøet.
KLIMASMART: Helene (17) har bestemt seg for at dette året skal ho kun handle klede frå brukt butikkar og via appen «Tise» for å kunne være med å påverke miljøet. (Foto: Sveinung Sandal)

9 kjappe med Helene Lyngaas

Helene Lyngaas deltok på skulestreiken for klimaet. Ho meinar at fleire ungdommar og vaksne burde engasjere seg i saka og ta klimakrisa på alvor og foreta livsstilsendringar-

– Kva studerar du?

– Eg går no på Sogndal vidaregåande og studerer realfag i andre klasse.

– Deltok du på miljøstreiken som var denne tysdagen?

– Sjølvsagt, eg gleda meg kjempemasse.

– Kvifor deltok du?

– Eg deltok fordi eg synast det er viktig å visa at ein bryr seg om miljøet, og eg meiner at dette er ein bra måte å visa vaksne og politikarar at dette er noko som må bli sett fokus på.

– Kor viktig er miljøet for deg?

– Det er noko av det som engasjerer meg mest og er ei av dei politiske sakene som er viktigast for meg. 

– Kvifor det?

– Eg bryr meg både om mi eiga framtid og eventuelt framtida til mine barn og barnebarn. Dei skal òg ha ein jordklode å leva på. Eg meiner det heller ikkje er riktig av oss menneske å berre leve som me vil utan å tenkja på konsekvensane. 

– Kva meinar du me må endre på for at ting skal bli bedre?

– Det viktigaste er vel å kutta ned forbruket av olje og gass. 

– Kva kan me som enkeltpersonar gjere for å betra oss?

 – Som enkeltpersonar, kan me tenkje oss to gongar om før vi kjøper oss noko, enten om det er mat eller klede. Svært mykje av det me kjøper, blir kasta, og ein bra måte å redusera det på er å kutte på innkjøpa.

– Er du flink til å følgje dine eigne råd?

– Eg synast sjølv eg er ganske flink til å følgje dei, eg er vegetarianer for å vera med på å kutte produksjonen og forbruk av raudt kjøt. Eg har òg bestemt meg for at i heile 2019 skal eg berre «thrifte», det vil sei å berre kjøpe brukte klede.

– Meinar du at andre ungdommar òg bør engasjere seg i miljøkampen?

– Mange er flinke, men fleire kan engasjere seg òg. Det er mange som ikkje tenkjer over kor viktig det faktisk er, eller at ein må gjera så mykje for å gjera ein forskjell. I det minste kan folk byrja å resirkulera eller kasta mindre.

Til toppen