JULEFERIE: Maria Eide er for tida heime i Eidsbotn for å feira jul med familien.
JULEFERIE: Maria Eide er for tida heime i Eidsbotn for å feira jul med familien. (Foto: Privat)

9 spørsmål med Maria Eide: – Vil prøve å feire jul i USA ein gong

– Eg kunne tenkt meg å prøve julefeiring i USA, fordi der er julehøgtida så mykje meir valdsam enn i Noreg, seier Maria Eide.

Sogn: Porten.no har teke ein prat med Maria Eide (22), som for tida er heime i Eidsbotn for å feira jul med familien. Til vanleg bur Eide i Sogndal der ho studerar grunnskulelærar på Høgskulen på Vestlandet. 

Åtte år og fekk rosa «voksensykkel» i julegåve

– Kor skal du feire jul?
– Heime i Eidsbotn, det er fast kvart år. 

– Favoritt juletradisjon?
– Å pynte juletreet på lille julaftan. Det vert gjort på kvelden, då det er mørkt ute. Etter me har pynta juletreet ser me i tradisjon tru Grevinnen og hovmesteren på TV saman.

– Beste juleminne?
– Eg har hatt ei årrekke der det har vore tradisjon at eg har hatt feber på julaftan, men det er kanskje ikkje det beste juleminnet. Nei, berre det å kome heim til jul og ferie saman med familien er det beste eg veit.

– Kva er den beste gåva du har fått?
– Eg trur det må vere då eg var rundt åtte år og fikk ein rosa «voksensykkel».

– Falskt eller ekte juletre?
– Ekte, på grunn av lukta. Me har heller aldri hatt falskt tre, då det er ein hard prinsippsak. 

– Favoritt dag frå lille julaftan til nyttårsaftan?
– Julaftan, ingen tvil. 

– Kva land kunne du tenkt deg å feire jul i dersom du ikkje skulle vere i Noreg?
– Anten USA eller England. Helst USA, fordi der er julehøgtida så mykje meir valdsam enn i Noreg. 

– Brun eller rød julebrus?
– Rød julebrus, både på grunn av farge og smak. Det er òg ein ganske hard prinnsippsak. 

– Beste julemat?
– Pinnekjøt og kålrabistappe. Kålrabistappe er viktig! 

Til toppen