90 år med korpsmusikk skal feirast

90 år med korpsmusikk skal feirast

I år fyller Lærdal Musikklag 90 år, og laurdag skal dette markerast.

Den 1. april 1925 vart Lærdal Musikklag skipa. Allereie i 1916 hadde ein prøvd å få noko til, men oppslutnaden var for liten. Ni år seinare derimot, vart musikklaget stabla på beina.

Korpsmusikk var noko nytt, og det var få andre aktivitetar å vera med på. Ein må heller ikkje gløyme at det verken var fjernsyn, radio eller telefon på den tida. Dessutan følgte det med ein viss status å spela i korps. Tida var den rette, interessa var i stor og korpset kom i gang.

41 år i korpset

LANG FARTSTID: Erlind Arvid Hovland, eller Elle, har vore med i musikklaget i 41 år.
LANG FARTSTID: Erlind Arvid Hovland, eller Elle, har vore med i musikklaget i 41 år.

Ein som har vore med i nesten halvparten av desse 90 åra er Erling Arvid Hovland, betre kjend som Elle. 

– Det har gått i bølgjedalar sidan den gongen, men dei siste åra har me vore ganske brukbare synest me sjølve, og når me no har fått Dora (David journ.anm.), så har ho heva standarden for ho er rasande flink.

Det er pause i øvinga til musikklaget, og Elle fortel gladeleg om historia korpset har skapt seg over 90 år, som blant anna under krigen då dei unge av og til stal ved til å fyra opp med i ungdomshuset før øvingane.

Korps for alle

Det var hausten 1974 han blei spurt om å vera med i korpset etter som han kunne trommenotar. Åra før dette var musikklaget nede i ein av desse bølgjedalane som han nemnde. Det har vore fleire av desse, men no føler han altså at musikklaget klarar seg bra.

– I utgangspunktet er me alle amatørar, og det me har lyst til å få fram til folk er at me har det moro på øvingane, for då kjem spelegleda etterpå. Dora er passeleg sprø til å vera med oss, smiler han. 

– Me legg lista der me føler me greier å skreva over ho. Me vil ikkje mista folk, og det er viktig at ein kan ha det moro på øvingane og slå ein vits med kvarandre. Då blir det ikkje ork og press.

Artikkelen held fram under biletet.

MORO: Elle fortel at det er viktig å ha det moro på øvingane fordi då vil spelegleda følgja etter.
MORO: Elle fortel at det er viktig å ha det moro på øvingane fordi då vil spelegleda følgja etter.

Smila sit laust på øvinga, men dirigenten er, som Elle fortel, «av og til litt streng, men på ein fin måte som får oss til å yta maksimalt». 

Førjulsprogram på NRK

Og den stilen har musikklaget hatt heile tida, noko som tydeleg let seg illustrere då NRK skulle gjere opptak av eit førjulsprogram i ungdomshuset på Lærdalsøyri i 1982.

«Er det dette som er Lærdal Musikklag? spurte NRK sin medarbeidar denne ettermiddagen i desember 1982 då opptak til eit førjulsprogram frå Lærdal skulle føregå i ungdomshuset på Øyri. Han hadde sikkert full dekning for spørsmålet då han såg utover forsamlinga – eit tjuetals personar frå 14 til 60 år av begge kjønn. Han var truleg vand med ay eit musikklag var noko meir einsarta samansett,» heiter det i årsmeldinga, skrive av leiar Olav Henriksen, frå dette året. 

For få unge

Dei siste åra har talet på musikarar auka litt og litt. Likevel skulle både han og leiar i musikklaget, Magnhild Aspevik, ønskja at det var fleire unge å sjå bak instrumenta. 

– Dette er ingen plass å gjere musikalsk karriere, men det er ein sosial møteplass, og me er med når me blir spurte. Det er ikkje til å stikka under ein stol at me er sårbare for det er ikkje rekruttering. Ungdommen glimrar med sitt fråver, seier ho. 

– Gjennomsnittsalderen går oppover, men det kjem jo ein og annan innom, men det er vaksne folk som kjem. Men så får me litt hjelp frå nabokorpsa, som i Flåm, og så reiser nokon frå oss til Flåm og spelar der, fortel Elle. 

Spelt for kongen

Som Aspevik seier, er det like mykje sosialt som det er musikalsk. Dei siste åtte åra har korpset blant anna vore på fire utanlandsturar, og får dei spørsmål om spele, stiller dei opp nesten uansett.

Opp gjennom 90 år har dei fleire gonger spelt for kongen og dronninga. Dei har vore med på vegopningar og andre tilstelningar. Laurdag skriv dei eit nytt kapittel når 90 år med korpsmusikk i Lærdal skal feirast. 

Til toppen