Sogndal: – For oss er det viktig at det vert julekonsert i bygda same kva smittestoda er, slik som det vart marsjar og nasjonalsongar på 17. mai uansett korona, seier Samuele Mascetti, som spelar klarinett i Sogndal Musikklag.

– Å framføra for eit publikum er for eit korps det same som å spela kamp for eit idrettslag
Då Sogndal Musikklag fann ut at det vart vanskeleg å utføra vanleg konsert, ville dei prøva seg på ein digital konsert for å skapa juletstemning.