22. PLASS: Eirik kom inn på 22. plass av dei 80 startande. Foto: Leif Magne Kinserdal
22. PLASS: Eirik kom inn på 22. plass av dei 80 startande. Foto: Leif Magne Kinserdal

– Å gi seg var ikkje eit alternativ

I helga deltok Eirik Kinserdal i Norgescup i Stjørdal.

Årdal/Stjørdal: Sykkeltalentet Eirik Kinserdal sykla i Norgescup 4 denne helga. Målet hans var å gjere det beste han kunne på dei 100 kilometerane. Han enda til slutt på 22. plass av 80 startande.

Les også: Første ritt med temposykkelen

Eirik fortel at det var tungt å sykle i Stjørdal, men å gi seg var ikkje eit alternativ:

– Det var hardt frå første runde, litt for hardt. Det førte til at eg slapp i siste bakke i andre runden. Men å bryte eller gi seg var ikkje eit alternativ fordi eg ville ha ei god treningsøkt likevel. Sånn sett er eg nøgd med eigen innsats, seier han.

Den tøffe løypa var på 100 kilometer fordelt på fem rundar med 400 høgdemeter per runde.

– Eg havna i ei gruppe bak hovudfeltet, der dei andre gav seg før sisterunden. Dette førte til at eg tapte ganske mykje tid på å ligge åleine. 

Til toppen