INNSATS FOR ANDRE: 37 elevar ved Farnes skule har hatt «Innsats for andre» som valfag, der dei hjelper andre og inntekter dei får blir gitt til gode føremål. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
INNSATS FOR ANDRE: 37 elevar ved Farnes skule har hatt «Innsats for andre» som valfag, der dei hjelper andre og inntekter dei får blir gitt til gode føremål. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Å gjera ein innsats for andre er deira valfag

Matematikk og grammatikk er viktig det altså, men minst like viktig er det å gjera ein innsats for andre.

Årdal: Og det er nettopp det desse 37 elevane har hatt som valfag det siste skuleåret. Dette er tredje året ein kan velje «Innsats for andre» som valfag på Farnes skule.

– Eg har valt dette faget fordi eg likar å hjelpe andre. Eg får ei god kjensle inni meg, og så synest eg det er greitt at me ikkje får noko for det me gjer anna enn glede. Det er kjekt å hjelpa andre, seier Thea Trollebø.

Har samla inn pengar

Ho og resten av gjengen, som består av 8. og 9. klassingar har gjort mykje for å hjelpe andre. For å nemne noko: Dei har bidrege med leksehjelp på SFO, arrangert gathering for ungdom, bokstavfest for barn, besøkt barnehagar og Åbo, samt stelt hestar og gjort arbeid på uteområdet på skulen.

– Gatheringen var veldig populær. Her kom det 70 stykk som ville vera med, og me måtte faktisk stenga dørene fordi det var ikkje plass til fleire, fortel Stian Laberg. 

Berre på dette arrangementet fekk dei inn 8000,- kroner som vart sendt rett til Flyktninghjelpen. Då det lokale musikkmiljøet stilte opp på artistdugnad for å samla inn pengar til flyktningar i fjor haust, var gjengen frå skulen med og hadde kiosk. Her fekk dei inn 17000,- som gjekk til same føremål.

Elles har dei samla inn 7000,- frå ein bokstavfest som vart sendt til Kreftforeningen. 

Viktig lærdom for dei unge

– Innsatsen dei har lagt ned er ikkje liten. Dei har gitt pengane til gode føremål, så dette har vore lærerikt for dei og noko dei veks på, seier undervisningsinspektør Hanneke Jansen. 

– Det er viktig at ungdomen i dag lærar at det er noko utanom deira eiga verd og kan sjå at dei kan glede andre ved å gjere ein innsats. Dei har vore veldig kreative med å finne ting som gleder andre. 

Gode tilbakemeldingar

Det er noko dei unge sjølv er samde i. Sjølv om det er bra at folk bidreg med pengar, er det hyggelegare å gjere noko personleg, meiner Thea Trollebø.

– Det er viktig, og eg synest me har vore flinke. Eg håpar det held fram slik. Folk må bli flinkare til å hjelpa andre, og me synest me er eit godt døme, seier ho og får støtte frå klassekamerat Synnøve Strand.

– Me får positive tilbakemeldingar frå barnehage og skule, der me har vore. Ungane likar å ha oss der, legg ho til. 

Dugnadsånda er noko som står sterkt hjå det norske folk. Jansen seier dette er noko ho merka godt då ho kom til Noreg for 25 år sidan.

– Eg trur det er viktig at ein startar tidleg må lære dei unge dugnadsånd. Folk i dag har det alltid travelt, og me har nok med vårt eige. Då eg kom til Noreg, var det noko som slo meg denne ånda – at folk kunne stille opp for kvarandre. No har eg budd her i 25 år og ser at ho sakte, men sikkert forsvinn litt. 

Til toppen