– Å nei, nissefar og nissemor har gløymt jula

Det var like før jula vart avlyst då Farnes skule hadde juleavslutning måndag ettermiddag.

Øvre Årdal: Det er 1. desember og smånissane skal i gang med å lage årets julepresangar. Blant alle breva frå borna rundt omkring i verda, kjem det også eit frå julenissen.

Der skriv han at han og nissemor har tatt ferie og reist til Syden. Dei har tydelegvis gløymt at det er 1. desember og at det nærmar seg. 

Heldigvis er smånissane lure og produktive. Dei set i gang å måle, pakke, strikke og snikre, og innan julaftan er alt pakka og klart til nissefar og nissemor kjem tilbake.

Smånissane gjorde jobben

Dei ser på kalendaren og oppdagar at det er 24. desember og at dei har gløymt heile jula, men då kjem smånissane inn og jublar for at nissefar og nissemor er tilbake, og det blir ein stor nissefest.

– Smånissane gjorde jobben, seier Emma Nondal, som spelte ein av smånissane i julespelet. 

Det var to julespel måndag kveld. Det første var det 1., 3., 5. og 7. klasse som stod for, medan resten av klassane hadde ansvar for det andre. Men kva om dette hadde skjedd i verkelegheita?

Om det skjedde i verkelegheita

– Det hadde vore veldig rart, seier Ane Hove, som også spelte smånisse. 

– Ja, det hadde ikkje vore gøy for ungane. Det hadde vore trist, seier Sunniva Lomheim. 

Barna er einige om at det viktigaste i jula ikkje er presangar, men andre ting.

– Det viktige med jul er å vera samla med familien og at alle har det bra, seier Ida Indrebø.

– Det er ikkje pakka, men gleda som tel, seier Lomheim. 

Litt nervøse

Men litt pakkar må det vera då, slår dei fast. 

Då Porten.no snakkar med dei, er det midt mellom dei to julespela. Dei innrømmer at dei var litt nervøse, men først og fremst var det gøy.

– Eg var veldig nervøs, men det gjekk bra. Eg spelar i korps, så eg er litt vant til dette, seier Joakim Henjum.

Til toppen