MANGE ÆTTLEDD I NORDFJELLA: «Kvart einaste dyr har genar og ei åtferd som kan sporast ti tusen år tilbake, og dette kan sjølv ikkje den dyktigste politikar få tilbake når det er vekk» skriv artikkelforfatteren.
meiningar
MANGE ÆTTLEDD I NORDFJELLA: «Kvart einaste dyr har genar og ei åtferd som kan sporast ti tusen år tilbake, og dette kan sjølv ikkje den dyktigste politikar få tilbake når det er vekk» skriv artikkelforfatteren. (Foto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen)
meiningar

– Å resignera no blir litt som å vera vitne til eit overfall og sei at: «Vel, vel, no er det i gong, så vi får heller fokusere på morgondagen.»

Tekstforfattaren synest det er eit paradoks at heile villreinstamma må døy, når ein ikkje har forska tilstrekkeleg på kva som er den opphavlege smittekjelda. Sjølv spekulerer han i om global oppvarming kan vera årsaka, ved at urgamle bakteriar som har vore innkapsla i isbrear og snøfonner kjem «frie» når breane stendig krympar.

Det er tydeleg at saka omkring skrantesykja (CWD) set sterke kjensler i sving hos mange. Meiningar har vore ytra frå ulike hald og det byggjer seg opp til stadig meir steile frontar mellom dei ulike partane. 

Dette bidreg berre til større avstand mellom dei ulike meiningsgrupperingane og tener ikke hovudmålet, å få til ei løysing som er til det beste.

Det sit stadig lenger inne å kunna vurdera andre sin informasjon på ein objektiv måte, og terskelen for å få til konstruktivt samarbeid aukar for kvar gong nokon opplever å ikkje bli teken på alvor eller møter ein «vegg» av stille oppover i systemet.

Hittil har eg ikkje sjølv kasta meg inn i diskusjonane, men berre gjort meg opp eigne tankar og meningar om det som no spelar seg ut i Nordfjella.

Men slik dette no ser ut no så renn tida etter kvart ut for å ytre nokre tankar før dyra er borte for godt.

Forskar frå NINA har påpeika faktum om CWD som det ikkje har vore teke omsyn til

Eg høyrde friluftsmagasinet på radioen på NRK for litt sidan, der Bjørnar Ytrehus frå Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) lanserte nokre eigne tankar og betraktningar i høve til korleis CWD-smitta kan ha komme til traktene våre, og til kva for part smitta kan ha kome først.

Han funderte blant anna litt over dette med dei «ikkje-typiske enkelttilfella» av skrantesjuke hjort og elg som har blitt oppdaga utanfor Nordfjella.

Ein teori var at eldre dyr kunne utvikla sjukdomen spontant, og at desse dyra deretter kunne spreia smitte. Det vart òg nemnt at dette kunne vera ein annan variant av skrantesykje som ikkje var smittsam, men at ingenting enno var sikkert. 

Dersom det finst ein slik ikkje-typisk variant av sykja, så er det vel ingenting som ikkje skulle tilseia at ho ikkje har vore til stades hjå oss før.

Kanskje har sykja vore til stades veldig lenge. Enno veit ein lite om desse ikkje-typiske tilfella av skrantesykje, og det har ikkje blitt definitivt avkrefta at smitte ikkje kan spreie seg frå også slike tilfelle. 

Er dyra smitta av bakteriar som kjem til live på grunn av global oppvarming?

I radioprogrammet vart det også snakka om hjortedyra sitt behov for å få kalktilførsle. Kalk er viktig for dyra både for å kunna utvikla gevir, og for å kunna gje mjølk til kalvane.

Slik eg oppfatta det som vart sagt, kan hjortedyr nytta seg av gevir og knokkelrestar frå andre daude dyr for å få i seg kalk. Dette kan vera ei smittekjelde.

Om ein ser dette i samanheng med klimaendringane og det faktumet at mange av breane og snøfonnene våre krympar, så er det slett ikkje umogleg at det er ei kopling her.

Vi høyrer om at det stadig blir oppdaga dyrerestar og gjenstandar som kjem fram frå smelta ismassar, og at desse i somme tilfelle kan vera så intakte at dei ser ut som om dei var frå førre veke.

Skrekkhistorier frå andre delar av verda fortel òg om permafrostområde der opptining frigjer nedfrosne uhumske som spreier sjukdomar frå tidlegare tider.

Ein kan undre seg over kvifor dette ikkje også skulle førekoma hjå oss, og då spesielt i Nordfjella, som ligg tett opp mot vestlandsklimaet der særleg merkbare klimaforandringar dei seinare åra har gjeve milde vintrar. Nordfjella har i tillegg mange høgareliggjande parti med fonner og brear som reinen trekk til, der nedfrosne bakteriar kan ha kome til live att.

Om det skulle vera noko hald i ein slik teori, så betyr dette at smitte kan eksistera over heile landet. Kanskje både i form av dei ikkje-typiske tilfella som forskar Bjørnehus snakka om, og i form av smitte frå fonner og brear i fjellet i form av både urgamle knokkelrestar og kadaver.

I morgon sjukdomsutbrot på Hardangervidda og i januar på Dovre? Ingen veit….

Dette skulle i så fall bety at heile saneringsplanen vil vera bortkasta og at urstammen med villrein i Nordfjella måtte bøte med livet på grunn av ei forhasta avgjerd.

Eitt vedtak, og titusenar av år med oppbygging av genar, trekkruter og beiteområde for ei heil stamme med vår kanskje eldste landlevande art blir borte.

Men, så kanskje viser det seg at ein tok feil. Kva då? Dette er slike feil som me ikkje har råd til å gjera, for så å orsaka etterpå. Dei må unngåast!

Ettersom det grunnleggjande i desse betraktningane kjem frå ein av forskarane hjå NINA, så bør det vel i det minste vera noko hald i den delen av resonnementet? Om resten av tankene og koplingane berre kjem frå ei enkel sjel utan akademisk tyngde, så er det likevel faktabaserte opplysningar som ligg til grunn.

I Nord-Amerika har dei hatt skrantesykja i femti år. Det finst kunnskapar frå utlandet om dyra si evne til å verta resistente mot sjukdomen.

Ein annan faktor som forskarar har vore inne på, er at det førebels er knappe kunnskapar om utvikling av resistens blant dyra. Her ligg det føre info med stor faglig tyngde frå utlandet, der det kan visast til særs positive og interessante resultat.

Eg vil difor påstå at det er betydelig fleire faktorer som talar for at ein tenkepause vil vera riktig framfor den metoden som no vert gjennomført.

Ved å fjerna ei urstamme som dette uten å vite konsekvensen, så kan det fort visa seg at uoppretteleg skade er påført.

Saneringa som er sett i gong byggjer på eit misforstått «føre var»-prinsipp, der det manglar fakta og kunnskap om sjukdomen og utbreiinga av denne.

Lovnadene som vart gjevne på jegermøtet i Lærdal har blitt brotne

Eg var på jegermøtet i Lærdal før nedslaktinga begynte, der representantar frå dei ulike etatene var til stades.

Eg meiner å hugsa at det vart lova på tru og ære at det skulle vera ei «adaptiv tilnærming» til jakta, der informasjon etc. som måtte koma fram undervegs skulle bli teke omsyn til og «forme vegen vidare».

Denne lovnaden har vel strengt tatt blitt hoppa galant over og det heile begynner å bera litt preg av frykt for prestisjetap slik eg oppfattar det. 

Det som forundrar meg litt i denne saka er at styrande organ og mange andre med påverknadskraft oppover i systemet ikkje grip tak i info og forslag og diskuterer desse på ein måte som ville tene formålet me alle har, å treffa ei best mogleg avgjerd.

Det har kome ei mengd info som det kunne vore enkelt å gå nærare inn på og vurdere. Det verkar derimot som om det frå fleire hald er viktigare å bruka energi på å avkrefta info som kjem enn å sjå etter om det kan vera noko ein har oversett.

– Skuffande og bittert at dei er uimottakelege for alt anna enn semje

Ingen burde i denne saka bruke tid og energi på å kjempa med nebb og klør for å unngå å evt. måtte innrøma at den første planen måtte endrast på grunn av ny info og kunnskap som kom til.

Ei slik innrøming ville vore eit teikn på at vedkommende verkeleg sette eigne interesser til sides for å nå målet om ei riktig løysing på utfordringa.

No er derimot mitt syn på styrande organ i denne saka at dei er meir eller mindre uimottakelege for alt anna enn semje. Dette synest eg er skuffende og bittert, og eg sit litt med ei kjensle at at ein er lurt inn i en runddans som det er uråd å koma ut av.

Eg synest synd på grunneigarar og bygdefolk

Eg synest verkeleg synd på alle dei grunneigarane og bygdefolka som no må sjå at ein stolt arv som er grunnlag for både inntekter og fritidsinteresser, vert fjerna utan at dei får sjansen til å påverka avgjerda. 

Men eg meiner at det å berre akseptera at «no har det blitt slik, no må me gløyma dette og sjå vidare» blir for snevert.

Kvart einaste dyr har genar og ei åtferd som kan sporast ti tusen år tilbake, og dette kan sjølv ikkje den dyktigste politikar få tilbake når det er vekk.

Mitt ønske er derfor at alle må halda fram med å forsøka, vera opne og samarbeidsvillige for å prøva alt til siste dyr.

Å resignera no blir litt som å vera vitne til eit overfall og sei at: «Vel, vel, no er det i gong så vi får heller fokusere på morgondagen.»

Eg ber derfor innstendig om at ein er meir mottakeleg for innspel og mogleg viktig info. 

Alle handlingar som kan hjelpa på vegen mot alternative løysingar bør kunne karakteriserest som gode og ikkje oppfattast som einsbetydande med motarbeiding av den eksisterende planen. 

Roger Knutsen, Askøy. Laftetømrar.

Til toppen