Å retta bakar for smed
meiningar
meiningar

Å retta bakar for smed

– I ditt siste innlegg skuldar du fleirtalet i kommunestyret for tidsklemma og problema som no har oppstått i høve drifta av senteret i 2015. Då rettar du bakar for smed!

  • Endret

Innleiingsvis vil eg takke Ole Sælthun for gode innlegg kring utviklinga ved kulturhuset og Villakssenteret. Det er flott og kjekt at du bryr deg og at du delar tankane dine med lesarar av lokalpressa. Eg er og glad for at du har oppdaga at Norsk Villakssenter ( NVS) er ein viktig attraksjon på elvebrygga og at betydningen av bygdepuben no er nedtona. Du har rett, det er inga kommunal oppgåve å servera øl til tørste ølhundar!

I ditt siste innlegg skuldar du fleirtalet i kommunestyret for tidsklemma og problema som no har oppstått i høve drifta av senteret i 2015. Då rettar du bakar for smed!

Med din journalistiske bakgrunn hadde eg forventa at du hadde undersøkt saka si bakgrunn betre enn innhaldet i innlegget ditt tyder på. Men eg skal hjelpe deg litt på veg med nokre nødvendige fakta i saka:

1. Kommunestyret vedtok i februar 2011 å kjøpe NVS. Bakgrunnen var at det dåverande driftsselskapet bak NVS, NVS – Reiseliv, eit privat selskap der kommunen var medeigar, hadde tapt heile aksjekapitalen sin og klarde ikkje å dekke dei økonomiske pliktene sine. Kommunen kjøpte selskapet for om lag 1,25 mill kr frå pantehavar Indre Sogn Sparebank. Hadde ikkje kommunen trødd til, måtte selskapet, i samsvar med norsk lov, meldt oppbod og konsekvensen ville vore at NVS hadde stengt dørene same året som det nye Sogn Kunstsenter skulle opnast. Ingen ansvarlege av dei folkevalde kunne gå for ei slik løysing. Saka vart handsama i kommunestyret den 17. feb 2011 og i same sak vedtok kommunestyret følgjande:

Rådmannen får i oppdrag å utarbeide eit strategidokument som skisserer kortsiktige rammer for framtidig drift og organisering av visningsdelen i Villakssenteranlegget.

Rådmannen utførte aldri oppdraget og det er ikkje lagt fram noko ny sak der kommunestyret har fått drøfta mål og strategiar for utviklinga av visningsdelen i NVS. Det høyrer elles med til soga at SP representantane Jan Geir Solheim og Gro Starheimsæter i 2011 røysta mot vedtaket om kommunal overtaking av NVS. Dei to, som i dag er SP sine fremste folkevalde i Lærdal, ville heller føre NVS mot stenging og nedlegging. Det var utvilsamt konsekvensen av ein konkurs.

2. Etter at rådmannen i 2 år ( 2011 og 2012) hadde hatt ansvaret for drifta ved senteret og alle piler peika nedover, vart det reist ei ny sak for kommunestyret den 9. nov 2012. Her tilrådde rådmannen at det vart skipa eit kommunalt aksjeselskap som skulle få ansvaret for drifta ved Lærdal Kulturhusanlegg. Saka tok for seg organiseringa på kort og lang sikt. Kommunestyret vedtok samrøystes tilrådinga frå rådmannen og vedtok at det skulle settast ned eit interimstyret som skulle ha ansvar for å legge fram den endelege løysinga for organiseringa, dvs greie ut ansvar og plikter for styret i det nye aksjeselskapet, behovet for kapital, vedtekter osv. Kommunestyret var samrøystes, inkludert noverande ordførar og gruppeleiar frå SP, i punktet som omhandla framtidig organisering. Møteboka fortel elles om noko dissens i høve til kortsiktig løysing , samt kven som skulle oppnemne interimstyret, men dette hadde inga betydning for hovudinnhaldet i kommunestyret sitt val for retning på

organiseringa. Fleirtalet vedtok at ordførar og rådmann skulle oppnemne interimstyret. Eit samrøystes kommunestyret gav interimstyret frist til 15. februar 2013 med å legge fram sine vurderingar og tilrådingar i den endelege organiseringa av saka.

Etter dette har kommunestyret ikkje høyrt meir til saka og ordføraren har heller ikkje lagt fram saka til ny handsaming i kommunestyret. Kommunestyret har difor heller aldri vedteke at drifta ved senteret skulle lysast ut på anbod. Det har ordførar og rådmann gjort utan politisk forankring i kommunestyret. Ordførar og rådmann har dermed gått langt utover dei fullmakter som eit samrøystes kommunestyret har gitt i denne saka. Med bakgrunn i vedtaket frå nov 2012 er det berre kommunestyret som kompetanse til å endre innhaldet gjennom eit nytt vedtak. Kontrollutvalet må no ta tak i denne delen av saka. At ordførar og rådmann forheld seg lojalt til dei politiske vedtaka i alle saker, er heilt grunnleggande for at lokaldemokratiet vårt skal fungere.

Eg har elles bedd om innsyn i arbeidet til interimstyret, bl.a. møtereferata frå interimstyret, og har fått til svar frå rådmannen at det ikkje finst dokument i saka. Interimstyret har med andre ord ikkje hatt møter, eller det er i ikkje ført referat frå møta. Det er truleg difor heller ikkje dokumentert kven ordførar og rådmann har oppnemnt til interimstyret. Alt i tråd med god skikk og bruk i offentleg forvaltning, kan du vite!

Ole Sælthun peikar på ei rekke paradoks i saka kring drifta av NVS. Etter mitt syn er det 2 store paradoks i saka:

1. Kvifor i all verda tek ikkje kommunetyret tak i vedtaket sitt frå 2012? Og kvifor vert ikkje ansvaret for rotet plassert der det høyrer heime? Når ordførar og rådmann ikkje har gjort jobben sin, er det vel og ei naturleg løysing å velje eit nytt interimstyret som kan setje fart på saka. Og kvar er kontrollutvalet, som skal sjå til at politiske vedtak i kommunestyret vert følgd opp?

2. Det andre store paradokset har tilknyting til Senterpartiet. Me veit at partiet var sentrale i arbeidet med planane og realiseringa av Norsk Villakssenter som vart opna i 1996. No er det same partiet sine fremste folkevalde i Lærdal, som gjennom manglande vilje og handling bryt denne viktige og flotte attraksjonen for Lærdal fullstendig ned. Det er trist å vere vitne til.

I høve til at Senterpartiet sine folkevalde vil starte eigen forretning gjennom drifta av NVS, og slik og tildekke ordføraren sitt mangelfulle arbeid i saka, vil eg minne Ole Sælthun om at folket i Lærdal vel sine folkevalde for at dei skal ivareta våre felles interesser og verdiar. Dei vert ikkje valde for å skape eigne forretningar på grunnlag av felleskapet sin eigedom og verdiar. Om det er idealisme som er grunnlaget for engasjementet til den Senterpartibaserte verksemda, kvifor kan dei ikkje ta dette ut med ei god løysing for fellesskapet gjennom eit kommunalt eigd selskap?

Det kom ikkje inn tilbod når kommuneleiinga, på sviktande grunnlag, lyste drifta av NVS ut på anbod, med tilbodsfrist til 5. jan. Og lurer Ole Sælthun og andre på kvifor, så vil eg rå til at dei les konkurransegrunnlaget . Der er det ikkje eit kløyva ord om inntekter eller inntektspotensiale i drifta, men eit krav om at tilbydar stiller bankgaranti for FDV utgiftene til kommunen, som i rekneskapet for 2014 ser ut til å vere 341.000 kroner. Kven kan og vil gje tilbod på slike grunnlag? Og kvifor leverte ikkje den Senterparti baserte verksemda og Lærdal Guiding AS inn tilbod innan fristen i januar?

Ole Sælthun har elles heilt rett i refleksjonane kring det gode laksefiske og Lærdalsamfunnet sin store plass i det norske mediabildet siste året. Det kom svært mange turistar til Lærdal sommaren 2014, og mange nordmenn spesielt, kom for å sjå og lære meir om brannkatastrofen. Det var så mange tilreisande at lokale serveringsstader opplevde ei dobling av omsetnaden sin i juni og juli månad i høve året før. Men kva gjorde kommunen for at t.d. NVS kunne dra nytte av dette? Svaret er enkelt her og, ingenting. Eit enkelt grep kunne t.d. vore å rydde plass i senteret for ein mindre utstilling av bilder og videoar frå brannkatastofen, presentert kommunale planar, kanskje til og med vist fram ei gylden vogn. Dette enkle grepet kunne fått mange ekstra besøkande til senteret i 2014. I staden vart ingenting gjort og NVS opplevde utruleg nok, sin svakaste sesong nokon gong med berre vel 10.000 besøkande.

Det er no og kjent at Omstillingstyret har returnert saka kring eit omstillingsprosjekt i regi av omstillinga, som hadde fått namnet « Utviklingsprosjekt i tilknyting til Lærdal Kulturhus/ Villakssenter». Det har, etter det eg kan forstå, samanheng med kommunestyret sitt vedtak frå nov 2012. Eit sentralt spørsmål er er om omstillingsstyret skal nytte ressursar der kommunen, gjennom mangelfullt arbeid frå ordførar og rådmann, sviktar.

Til slutt: Rekneskapa viser at kommunen har tapt om lag 900.000 kr på drifta av senteret i åra 2013 og 2014. Det er 2 personar i kommuneleiinga som har hovudansvaret for tapa og rotet i denne saka. Smedane er ordførar Jan Geir Solheim og rådmann Alf Olsen.

Ljøsne 15. april 2015

Arne Sanden

Til toppen