– Å sleppa inn tre mål på dødball er litt i overkant

– Å sleppa inn tre mål på dødball er litt i overkant

Tre mål imot på hjørnespark mot nyopprykka Kristiansund FK var nok til å senka Årdal FK i første seriekamp.

Kristiansund FK - Årdal 4-2

Etter den første av dei to lengste borteturane denne sesongen reiste Årdal FK tomhendte heim då dei tapte 4-2 for Kristiansund FK.

For andre gong på under ei veka slapp Årdal inn fire mål, og då hjelpte det lite at både Brede Stedje Ylvisåker og Truls Hovland scora kvart sitt. I laurdagens kamp var på defensive dødballar det svikta.

– Me kom ikkje heilt i gong med kampen og er litt usikre i ein del ting me føretek oss. Det skapar ein del dødballsituasjonar for motstandaren. Det er klart at det å sleppa inn tre mål på dødball er litt i overkant av det me kan tillata oss sjølve. Det er spelarane klar over også, seier trenar Ivan Øy til Porten.no etter kampen.

– Ærleg talt så reiste me lit for å ta eitt poeng, og det var me nærma ved å gjera. Etter kvart som kampen sette seg såg me at det var mogleg å ta tre poeng, og det følte spelarane også. Men når ein slepp inn så enkle mål, blir det jævlig tung å henta inn att. Me var altfor unøyaktige i 1. omgang.

Fekk straffe

Dei heilraude, som sov på hotell i Ålesund for å få optimal oppladning til kampen, kom godt i gong KFK-banen, men det var heimelaget som tok leiinga då veteran John Erik Klinge stanga inn 1-0 på hjørnespark.

Åtte minuttar seinare var 2-0 eit faktum takka vere Jan Roger Angvik før Brede Stedje Ylvisåker reduserte for Årdal på straffespark i det 26. minuttet. 

Ifølgje referenten på Firda sine livetenester hadde gjestane store problem defensivt og sleit med overgangar imot. Og det var nettopp ein overgang som gav Angvik sjansen til å gi Kristiansund 3-1 til pause.

– Spelemessig burde me hamle opp med dette laget. 4-2 ser ut som eit resultat der me har hengt etter heile vegen, men slik var det ikkje. Me burde ha utnytta sjansane våre betre på 1-2, og så kjem 1-3, og det blir eit slag i tryne, held Øy fram. 

Kom seg etter pause

Årdal hadde gode sjansar til å utlikne både ved Truls Hovland og Johnny Aspeseter Hagen før 3-1-målet, men fann seg no to mål bak med 45 minuttar att å spela. 

Etter  kvilen tok gjestane seg meir i saman og kampen jamna seg ut. Kvarteret før slutt fekk Årdal uttelling då Truls Hovland reduserte til 2-3, men i staden for at gjestane fekk utlikna, scora heimelaget på ny på hjørnespark i det 85. minutt. Denne gongen var Pa Ousman Jammeh sist på ballen.

No er det tilbake på treningsfeltet for å terpe på defensive dødballar, fortel Øy.

– Det blir sjølvsagt ei av tinga me skal ha fokus på. Me må jobba knallhardt for slik kan me ikkje ha det. 

Om ei veka tek Årdal imot Stryn for andre gong på 14 dagar. Då laga møttest i 2. kvalifiseringsrunde i NM 2. påskedag, enda det med 3-4-tap takka vere ein Mads Wie i storform for Stryn. 

Til toppen