SJØLVSAGT: «Eg tek det som sjølvsagt at eg ikkje mottek eit svar frå leiinga i kommunen med slik ordlyd fleire gonger», skriv Annike Vanberg i sin e-post til Lærdal kommune etter svaret ho fekk då ho stilte spørsmål om retningslinjer for heimekontor og om nokre av leiarane har reisetid som ein del av arbeidstida. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SJØLVSAGT: «Eg tek det som sjølvsagt at eg ikkje mottek eit svar frå leiinga i kommunen med slik ordlyd fleire gonger», skriv Annike Vanberg i sin e-post til Lærdal kommune etter svaret ho fekk då ho stilte spørsmål om retningslinjer for heimekontor og om nokre av leiarane har reisetid som ein del av arbeidstida. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Å stille spørsmål er ikkje det same som mistillit

Annike Vanberg (SV) reagerer kraftig på svaret ho fekk frå administrasjonen då ho stilte spørsmål om kva praksisar og føringar som finst for heimekontor og reisetid hjå dei øvste administrativt tilsette.

Lærdal: Porten.no har fått innsyn i e-postkorrespondansen som føregjekk mellom politikaren og administrasjonen i kommunen mot slutten av førre år.

Her spør SV-politikaren mellom anna om det finst faste ordningar for heimekontor i Lærdal kommune fordi «det vert snakka om» at fleire leiarar som pendlar til bygda har reisetid som ein del av arbeidstida.

«Rykter er aldri eit gode, så difor spør eg om dette medfører riktigheit. Om det ikkje er slik, vil det vere greitt å få avkrefte dette. OM det er slik, kan det vere greitt å forklare kvifor ein i så fall har slike avtalar,» skriv Vanberg i e-posten, der ho også stiller spørsmål kring avtaleverk rundt heimekontor.

E-posten vart sendt 21. november. Litt over ei veke seinare purrar ho før ho får svar den 30. november. 

– Mistenleggjerande og demotiverande

Svaret frå administrasjonen er mellom anna at:

«Ordlyden og detaljeringsgraden i spørsmåla går langt utover det som er politikken sitt ansvarsområde. Dette er interne forhold i organisasjonen som det ligg til rådmann å handtere». Såleis blir det heller ikkje gitt svar på spørsmåla om heimekontor og reisetid i e-posten.

Vidare gir administrasjonen uttrykk for at dei oppfattar spørsmåla som «mistenkeleggjerande og demotiverande».

– Mi plikt å skaffe informasjon

Når det gjeld heimekontor understrekar SV-politikaren at ho berre vil få klårheit i avtaleverket. Ho peikar vidare på at det er hennar plikt å skaffe informasjon om reglementet som regulerer reisetid. 

«Som medlem av administrasjonsutvalet som skal behandla saker som gjeld forholdet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette (kommunelova §25), er det mi plikt å skaffa meg informasjon om reglement som regulerer dette.»

Ho viser vidar til at openheit, ærlegheit og tillit blir stadig drege fram som ei rettesnor for Lærdal kommune som organisasjon, og tykkjer ikkje svaret frå administrasjonen ivaretek dette

«For meg er ikkje det å stille spørsmål det same som mistillit. Dersom eg lurer på noko, så spør eg. Dette kjem eg til å fortsetje med», skriv Vanberg.

Krev konkrete svar eller konkret grunngjeving

Leiar i Lærdal SV, Øyvind Hamre, har også skrive eit brev til administrasjonen på vegner av lokallaget der dei reagerer på ordlyden i svaret Vanberg fekk. Hamre skriv mellom anna at Vanberg berre spør om konkret faktainformasjon rundt praksis og rutinar, og krev difor at: «representanten vår vert gitt konkrete, saklege og presise svar på spørsmåla som er stilt i saka og eventuelle andre tema som me ønskjer informasjon om».

Vidare krev SV at rådmannen gjev ei sakleg og konkret forklaring på kvifor ein eventuelt ikkje vil svara på spørsmåla som er stilt.

Hamre påpeikar overfor Porten.no at han har fått svar frå rådmannen der ordlyden blir orsaka, men strekar under at svar på sjølve spørsmåla om ordningar for heimekontor og reisetid ikkje er gitt, og at det føyer seg inn i ei rekkje av liknande spørsmål som er stilt der politikarane ikkje føler dei har fått tilfredsstillande svar.

Rådmannen: – Ei sak for administrasjonsutvalet

På spørsmål frå Porten.no om korleis administrasjonen stiller seg til saka, svarar rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal:

–  Ut frå fleire e-postvekslingar mellom politikk og administrasjon mellom anna i denne saka, så er det er behov for å sjå nærare på ulike sider ved kommunikasjonen.

– Dette er drøfta i formannskapet. I møtet konkluderte me med at det vert utarbeidd klare retningsliner for korleis slik kommunikasjon skal gå. Endeleg innhald i retningslinene vil bli drøfta og vedteke i administrasjonsutvalet. Dei berørte partar i denne saka er informerte om dette. 

Om sjølve spørsmålet Vanberg stilte om reisetid og heimekontor seier rådmann Olsen:

– Det er naturleg at slike spørsmål blir teke opp og drøfta i administrasjonsutvalet, og at dei ulike sidene ved slike saker blir kasta lys over der.

Olsen opplyser også at kommunalsjefane ikkje har høve for å opparbeida seg avspasering og ikkje har reisetid som ein del av arbeidstida. Vidare at for andre leiarar i kommunen sitt vedkomande kan dei berre ta overtid etter å ha avtalt dette med næraste leiar. 

Til toppen