Oslo/Leikanger: Regjeringa har i dag avgjort at dei føresler Vestland som namn på det nye fylket etter samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane i 2020. Fem andre fylke vart òg omdøypte før dei komande ekteskapa.
– For å legga til rette for ei smidig gjennomføring av samanslåingane, bør dei nye fylkesnamna fastsettast så raskt som råd, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding på heimesida til regjeringa.
Det er Stortinget som formelt sett har det siste ordet i saka.
Dette er dei nye namna du må læra deg:
- Agder fylkeskommune (Vest-Agder og Aust-Agder)
- Innlandet fylkeskommune (Oppland og Hedmark)
- Viken fylkeskommune(Buskerud, Akershus og Østfold)
- Vestfold og Telemark fylkeskommune
- Vestland fylkeskommune (Hordaland og Sogn og Fjordane)
- Troms og Finnmark fylkeskommune
Fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane er glade for tilrådinga frå kommunalminister Mæland. Begge fylka gjekk inn for Vestland som det føretrekte namnet.
– Dette er me veldig glade for. Eg trur det nye namnet kan vera med å byggja ein identitet for vestlandsfylket. Eg legg til grunn at Stortinget følgjer tilrådinga frå departementet når dei gjer det endelege vedtaket før sommaren, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.
– Dette er eit namn som har stort potensial, og som det er brei oppslutnad om, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.