Jarle Aarvoll meldte på Facebook at denne kommunestyreperioden vert hans siste.
Jarle Aarvoll meldte på Facebook at denne kommunestyreperioden vert hans siste. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Aarvoll gir seg etter denne perioden: – Takkar for tilliten 

Etter 12 år som ordførar, og 20 år i kommunestyret, takkar Aarvoll for seg.

Sogndal: I ein Facebook-status skriv Aarvoll at han ikkje lenger kjem til å vera førstekandidat på Arbeidarpartiet i Sogndal si liste:

«Det er ei tid for alt. Valnemnda til Ap har fått melding om at denne kommunestyreperioden vert min siste. Som ordførar og leiar i Fellesnemnda er eg fullt ut motivert til å yte mitt beste ut denne perioden. Eg veit det vert mykje arbeid, men eg vil stå på heile perioden.»

Stolt over utviklinga i Sogndal

Vidare takkar han for tilliten, og han skriv at han er glad over utviklinga som er i Sogndal.

«Så vil eg takke for tillitten med at eg har fått stått på denne vakta i så mange år. Som ordførar har eg hatt gleda av å stå til teneste i 12 år eller 3 heile periodar når økta er over. Totalt 20 år i kommunestyret.

Eg er litt stolt og glad for den utviklinga me har sett og ser i Sogndal. Eg vil dele mykje av æra for det me har fått til saman med politikarar, rådmann og alle dyktige tilsette i kommunen, og andre medspelarar. Det er ei tid for alt. Det er ikkje mange som får høve til å vere ordførar i ein så flott kommune som Sogndal.»

Til toppen