OPPFØLGING: Fire år gamle Abenezer er fødd og oppvaksen i Sogndal. Sjølv om guten har alvorleg autisme risikerer han og familien å bli kasta ut av landet. Foto: Bård Siem/NRK.
OPPFØLGING: Fire år gamle Abenezer er fødd og oppvaksen i Sogndal. Sjølv om guten har alvorleg autisme risikerer han og familien å bli kasta ut av landet. Foto: Bård Siem/NRK. (Foto: Bård Siem/NRK)

Abenezer (5) må forlate Sogndal i slutten av april

Utlendingsdirektoratet (UDI) har bestemt at Abenezer og familien hans vert flytta til asylmottaket i Arna. 

Sogndal: – Resultatet av flyttinga kan verta at han risikerer å mista fleire år av utviklinga si fordi han no på mange måtar må starta på nytt, seier Bjarte Vatlestad til NRK.

Han er overraska over «at UDI tek so lite omsyn til kva som er guten sitt beste». 

I samband med at flyktningmottaket i Sogndal skal leggjast ned 30. april, har det vore eit sterkt engasjement i bygda for at autistiske Abenezer og familien hans må få innvilga opphald i Noreg og få verta verande i Sogndal. 

NRK fekk tilgang til ein e-post som er skriven av Oscar Nilssen, som er rådgjevar i den regionale flyktningmottak-avdelinga. 

 – Me er opptekne av at familien skal verta godt teken vare på under og etter flytteprosessen, og håpar på eit godt samarbeid og god informasjonsutveksling med alle involverte samarbeidspartnarar, skriv Nilssen i denne e-posten. 

Like fullt inneber vedtaket at guten vert flytt frå bygda han har vakse opp i, og vekk frå barnehagen i Sogndal som han har gått i til no. 

Overraska over at støtte til Abenezer forsvann

Seinare ut på dagen i dag har NRK fortalt at Bjarte Vatlestad er overraska over at Høgre- og Framstegsparti-representantar i Sogndal har endra sitt syn på saka. 

Alle dei politiske leiarane i Sogndal skreiv nemleg under på eit krav om å gje opphald  på humanitært grunnlag i Noreg for Abenezer og familien i haust.

I brevet stilte lokalpolitikarane faktisk to krav: for det fyrste at regelverket vert endra og tek omsyn til diagnosar som særskilt gjeld barn, for det andre at utlendingsnemnda tek omsyn til informasjonen om helsetilstanden til Abenezer og gjer om vedtaket om avslag.

Men NRK opplyser at då kravet skulle takast opp på nytt i vinter, so ville ikkje lenger Høgre og Framstegspartiet i Sogndal vera med.

Bjarte Vatlestad reagerer på at både Karin Vikane i Høgre og Rita Navarsete i Framstegspartiet har snudd i saka, og ikkje lenger ynskjer å støtta kravet. 

– Er det press frå sentralt hald eller angrar dei på at dei støtta kravet i fjor?, spør Vatlestad. 

Karin Vikane seier til NRK at ho står ved det ho har sagt og gjort tidlegare, men minner om at ho ikkje lenger er gruppeleiaren i Sogndal Høgre, ho viser difor til den nye gruppeleiaren. 

Rita Navarsete avviser at ho har drøfta saka med partifolk sentralt. Ho ynskjer ikkje å utdjupa kvifor ho har endra ståstad, men seier at ho ynskjer Abenezer alt vel.

– Det er mange skjebnar, og vi som politikarar kan ikkje engasjera oss i enkeltsaker, seier Navarsete vidare til NRK.

Til toppen