TIL SEMIFINALEN: Sogndal G-19 er vidare til semifinalen i juniorcupen etter ein 6-7 siger over Odd. Akor Jerome Adams sette sikkert inn straffa som sendte sogningane vidare.
TIL SEMIFINALEN: Sogndal G-19 er vidare til semifinalen i juniorcupen etter ein 6-7 siger over Odd. Akor Jerome Adams sette sikkert inn straffa som sendte sogningane vidare. (Foto: Arkiv / Porten-tipsar)

Adams sendte Sogndal til semfinale i juniorcupen

Då gutane frå saftbygda møtte Odd endte det i 100 minutt spel og straffekonk.

Sogndal / Skien: Sogndal G-19 er vidare til semifinalen i juniorcupen i fotball, etter ein neglebitar av ein kamp på Skagerak Arena i Skien. 

Sogndal tok leiinga etter 41 minutt med mål av Anders Nord. Odd utlikna like etter. 

Etter pausen trappa Akor Jerome Adams opp, nykommaren som vart signert til A-laget i sommar, og sendte Sogndal i leiinga 2-1. Igjen reduserte Odd umiddelbart, og stillinga stod 2-2 etter spelte 100 minutt, og det vart duka for straffekonk. 

Sogndalspelarane Jonas Fredriksen, Elias Mittet, Tobias Stølsvik Klepp og Adrian Solberg putta ballen enkelt i nettet, ein etter ein.

Det var 4-4 då keeper Kristian Rutlin redda heimelaget si siste straffe. Då gjorde ein iskald Adams jobben, og sette spikeren i kista for Odd.

Sogndal, Lillestrøm og Rosenborg er vidare i semifinalen. Siste kvartfinale står mellom Molde og Viking onsdag.

Til toppen