Årets bedrift 2018: Karlis Bremers i Adventure Tours Norway og ordførar Ivar Kvalen.
Årets bedrift 2018: Karlis Bremers i Adventure Tours Norway og ordførar Ivar Kvalen. (Foto: Anita Ruud)

Adventure Tours Norway blei Årets bedrift i Luster kommune

Prisen blei utdelt av ordførar Ivar Kvalen under Lustramarknaden i dag.

Luster:  Utdelinga av prisen ”Årets bedrift i Luster kommune” er ei årleg tilskiping på Lustramarknaden. I år er det 28. gongen denne utmerkinga vert delt ut. Det er næringsutvalet i Luster kommune som avgjer kven som får prisen.

Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. 

– I år 2018 går prisen til eit relativt ungt føretak, til ein grunder som framleis er ein ung mann. Prisen går til ei verksemd innafor ein av vekstbransjane i Luster kommune. Det er ei reiselivsbedrift. Årets bedrift i 2018 er Adventure Tours Norway og Karlis Bremers, sa ordførar Ivar Kvalen frå sccena.

Grunngjevinga for utmerkinga

I sin tale sa sa ordføraren dette om Bremers og bedrifta Adventure Tours Norway:

– Adventure Tours AS vart skipa den 19.10.12. Karlis har alltid hatt interesse for reiseliv og opplevingar, men det er ei viktig “hending” som var avgjerande for satsinga på Adventure Tours Norway. Karlis arbeidde då i turistinformasjonen på Skjolden med køar med cruiseturistar og andre turistar, som gjerne ville delta på aktivitetar på fjorden. Slike aktivitetar fanst ikkje då. Dette bestemde Karlis seg for å gjere noko med.

Karlis starta så utdanning på Høgskulen I Sogndal og investerte i sin fyrste RIB-båt. Han fekk finansiering frå Luster Sparebank og Luster kommune. Gjennom vinteren 2012/13 var det så intensiv kursing og sertifisering for å kunne føre RIB-båten med turistar.

Omsetninga fyrste sesongen var beskjeden, men nok til at Karlis satsa vidare. Han har i åra etter oppstarten investert i over 40 kvalitetssyklar for utleige og guida turar, han har kjøpt ståpadlebrett, snøtrugar til grupper og fiskeutstyr.

I denne sesongen har han og utvida talet på RIB-båtar og har no tre båtar i aktivitet, det er og kjøpt inn fleire elsyklar. No I 2017 fekk han og midlar frå innovasjon Norge til å utvikle selskapet sitt. Omsetningen I 2017 var på 1.2 mill kr.

Hovudbasen er på Skjolden og Karlis opererer i Lustrafjorden og indre delar av Sognefjorden. Det har gått frå å vera ei lokal bedrift med hovudfokus på cruisemarknaden i Skjolden, til å bli ei bedrift som satsar på heile Indre Sognefjorden, og tilbyr aktivitetar på fjord, land og til fjells.

I dag har Adventure Tours tilbod om; RIB-båt, sykling, vandring, padlebrett, fjellfiske, elvefiske, snøtruging, og kulturelle opplevingar.

Adventure Tours Norway og Bremers er eit godt døme på korleis ein ung og flink gründer kan byggje opp ei bedrift som er viktig for mange andre bedrifter innan overnattingsbransjen.

Han er innstilt på å satse vidare og seier "i mitt hovud er dette berre starten på historia til Adventure Tours, og eg ser stadig potensial for nyskaping og sit inne med mykje idear til vidare utvikling og vekst."

Til toppen