SVIKT: Det er synleggjort at dokumentfeilen skuldast svikt i etablerte rutinar, skriv Årdal kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SVIKT: Det er synleggjort at dokumentfeilen skuldast svikt i etablerte rutinar, skriv Årdal kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Advokat: - Mest alvorlege saka eg har sett

"Svikten" som gjorde at Årdal kommune offentleggjorde 145 sider med personlege og sensitive detaljar om personar med psykisk utviklingshemming førre veke, er ifølge advokat Arvid Mellingen, ei av dei mest alvorlege sakene han har sett.

- Eg har vore borti liknande saker før, men aldri har eg sett ei sak med så stort omfang der fleire personar er involvert. Graden av sensitiv informasjon i denne saka er også heilt spesiell, seier Arvid Mellingen til Porten.no

Han representerar ein av brukarane som fekk sine personlege detaljar, som fullt namn, personnummer, helsetilstand og adresse, publisert på Årdal kommune si postliste.

Les også: Alvorleg: Publiserte private opplysningar i postjournal

Fredag i forrige veke, la Årdal kommune ut ei melding om at det hadde skjedd eit alvorleg avvik på postlista til kommunen.

Sensitive detaljar og personinformasjon om personar med psykisk utviklingshemming har vore opne for alle til å lese på kommunen sine heimesider.

- Må ta ansvar og tilby kompensasjon

Mellingen jobbar for advokatfirmaet Tollefsen i Sogndal. Han fortel til Porten.no at han representerar eit av offera, som fekk sine personopplysningar offentleggjort over kommunen sine "aktlause" handlingar.

Han vurderar no om han skal ta kontakt med dei andre som har fått sine opplysningar utlevert av Årdal kommune, for så å samle dette i eit felles skriv til kommunen. 

- Kommunen må ta ansvar for den aktlause hendinga og tilby dei som er involvert ein kompensasjon som plaster på såret for at deira personlege opplysningar har blitt publisert for allmenheita, seier Mellingen.

Les også: - Svikt i etablerte rutinar

Han seier at han har sett liknande saker, med at omfanget og talet på involverte aldri har vore så stort før.

- Det er vesentleg meir enn eg nokon gong har sett før og spesielt det med typen informasjon som går på helsa til desse brukarane, seier han.

Advokat Arvid Mellingen

Advokat Arvid Mellingen. Foto: Advokatfirmaet Tollefsen

Informasjonen kan framleis vere tilgjengeleg 

Kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet Ove Skåra uttala til Sogn Avis tysdag at saka kan få følgjer for kommunen.

- Vi må diskutere med kommunen kva som er ein passande oppreisningssum, seier Mellingen.

Han vil ikkje gå inn på summen onsdag, men seier at han har blitt kontakta av kommunen som har unnskyld seg for det som har skjedd.

- I andre liknande saker har det ikkje vore tilfelle med erstatningskrav, då sensitivitetsgraden har vore vesentleg mindre, seier Mellingen som har lang erfaring med offentleg forvaltning og dokumentinnsyn.

Han meiner den store mengda med sensitiv informasjon og at det er snakk om 13 personar som har fått sine opplysningar offentleggjort, gjer at det er større grunnlag for å krevje erstaning.

- Veit de noko om kor mange som har sett innhaldet av dokumenta?

- Eg er usikker på om kommunen har logga talet på innsyn. Det ein alltid er redd for i slike saker er at opplysningane framleis kan vere tilgjengeleg på internett. Når noko vert publisert på nett, har ein aldri oversikt over kven som har sett opplysningane eller om personane kan ha lagra informasjonen og publisert den andre stader, seier Mellingen.

Dette kan vere ein ekstra påkjenning for dei offera, og ein stor usikkerheit dei må leve vidare med.

Straffbar handling

Den alvorlege glippen til Årdal kommune har råka svært sårbare folk.

- Denne type informasjon har ein teieplikt for. Det er straffbart og stridar imot lovverket å publisere denne type informasjon i eit offentleg forum. Om ein bryt teieplikta, kan ein bli dømd etter straffelova, konstanterar Mellingen.

Han meiner dette er ei vesentleg side i saka og håpar at kommunen tek ansvar så raskt som mogeleg slik at det dei råka brukarane får ei avklaring på kompensasjonsspørsmålet på best mogleg vis.

- Slike saker skal ein ikkje dra ut. Eg har merka meg det Datatilsynet har uttala i denne saka om at dette er alvorleg og kan involvere straffegebyr. Dei har også lansert tanken om at det vil kome sivile erstatningskrav. Dette kjem i tillegg til den straffesummen Datatilsynet kjem fram til, avsluttar Mellingen.

Til toppen