KROKEN PÅ DØRA: Drivarane av Laksen Cafè gjekk konkurs i sommar. Kommunen tok då over drifta.
KROKEN PÅ DØRA: Drivarane av Laksen Cafè gjekk konkurs i sommar. Kommunen tok då over drifta. (Foto: Synne Asheim Haga/arkiv)

Advokat politimelder dagleg leiar av konkursråka selskap i Lærdal

Eigaren av Grønn Norge let vera å betala moms og skatt før konkursen, meiner bustyraren.

Lærdal: Etter at Grønn Norge gjekk konkurs i sommar, vart advokat Jan Arild Rømmen frå Sogndal sett til å vera bustyrar. Det han oppdaga, fekk han til å melda den tidlegare daglege leiaren og styreleiaren til politiet.

– Det har vore opptil femten tilsette i verksemda og det har ikkje vore forskriftsmessig bokføring av løn, skattetrekk, meirverdiavgift og så vidare. Det er umogleg for meg som bustyrar å fastslå kor mykje som kan vera unndrege, skriv advokat Jan Arild Rømmen frå Sogndal i ei pressemelding måndag.

Me har bedt den tidlegare daglege leiaren for Grønn Norge om ein kommentar til skuldingane, men har enno ikkje fått svar.

Rømmen: – Går utover dei ærlege aktørane

Før konkursen dreiv Grønn Norge AS kafè og catering på Villakssenteret i Lærdal. Selskapet dreiv òg kiosk på torget i Flåm og vognsal på Flåm camping.  I 2016 var omsettinga på over 3 millionar kroner.

Rekneskapa til selskapet har blitt undersøkte i samarbeid med skatteinnkrevjaren i Lærdal og Aurland. Ei rekkje brot på reglane om rekneskapsføring har blitt avdekte heilt tilbake til januar 2017, opplyser Rømmen i pressemeldinga.

– Styresmaktene har signalisert ei innskjerping, som betyr at det skal reagerast kraftig på næringsdrift som går ut over dei som driv lovleg i bransjen. Difor er det no sendt melding til politiet med vedlegg som dokumenterer lovbrota, skriv han.

Som me tidlegare har skrive, er dei tilsette dekka av lønsgarantiordninga, slik at dei vil få den løna dei eventuelt har krav på. 

 

Til toppen