ANMELDER TRUSLAR: Fredag stasfestar advokaten til ein av dei frikjente mennene, Arne Seland, til NTB at dei vil anmelde alle truslar som måtte kome. Foto: NTB/Scanpix.
ANMELDER TRUSLAR: Fredag stasfestar advokaten til ein av dei frikjente mennene, Arne Seland, til NTB at dei vil anmelde alle truslar som måtte kome. Foto: NTB/Scanpix.

Advokat til valdtektsfrikjend: – Alle truslar vert anmeldt

Advokaten til ein av dei tre mennene som nyleg vart frifunne for valdtekt av ei 18 år gamal jente i 2014, seier at dei vil anmelde alle valdstruslar mot hans klient.

Oslo/Lærdal: Fredag stasfestar Arne Seland til NTB at dei vil anmelde alle truslar som måtte kome. 

Truslar kan straffast med bot eller fengsel inntil eitt år, medan grove truslar kan straffast med fengsel inntil tre år, ifølgje straffelova.

– Me kan ikkje anmelde dei éin og éin for då hadde me ikkje hatt tid til anna. Når me har fått samla dei opp, og ting etter kvart roar seg ned, vil me anmelde alle, seier Seland til NTB.

Etter at lagmannsretten frikjente tre menn tiltalt for å ha dopa ned og valdteke Andrea Voldum frå Lærdal trass i at fleirtalet av dommarane meinte mennene var skuldig, har saka eksplodert i media. 

Voldum har sjølv gått ut og fortalt si side av saka, mellom anna til Porten.no. Ho gjekk også ut med namna på dei tre mennene som alle er i 30-åra i dag, på Facebook. Innlegget er delt 1800 gonger i skrivande stund.

– Slik eg vurderer det har ho ikke gjort noko straffbart ved å gå ut med namn, sier Seland til NTB. 

Saka har skapt ein voldsom debatt blant folk om rettssystemet fungerer. I dette tilfellet meinte fire av sju dommarar at mennene var skuldige, men i meddomsretten krevst det eit fleirtal på fem mot to dommarar – ei ordning som får kritikk.

Til toppen