KLAR TALE: Advokat Arvid Mellingen meiner det ikkje finst grunnar til å halde barnevernsrapporten unna politikarauge. (Halvor Farsund Storvik/Advokatfirmaet Tollefsen (innfelt))

Advokaten meiner politikarane bør krevja å få sjå barnevernsrapporten

Ordføraren i Sogndal kan ikkje nekta dei andre politikarane å lesa rapporten etter den eksterne granskinga av Sogn barnevern. Det meiner Arvid Mellingen ved advokatfirmaet Tollefsen. Ordførar Jarle Aarvoll seier openheit er hans fremste ønskje.

Sogndal: – Det er ei form for mistillit til kommunestyrerepresentantane at ein ikkje vil dela rapporten med dei. Det betyr at ein reknar med at kommunestyrerepresentantane vil spreia personsensitiv informasjon og ikkje halda på teieplikta dei har, seier han.

Ikkje berre meiner han politikarane i dei fire kommunane har rett til å lesa rapporten. Han meiner dei bør kreva å få rapporten framlagt, i tillegg til det fulle sakstilfanget, som ein del av den interne sakshandsaminga i kommunen. Gjerne bak lukka dører, om naudsynt.

– Å overlata ei så alvorleg og omfattande sak til kontrollutvalet i èin kommune, det blir for svakt. Då tek ikkje kommunestyra ansvaret dei har som øvste mynde på alvor, seier Mellingen.

– Tragisk

Advokaten har òg sjølv bedd om å få innsyn i rapporten. Det for å vurdera om KS Advokatene har gjort rett i å nekta offentleg innsyn, altså å hindra folk flest, inkludert media, frå å lesa han.

– Det er vanskeleg å vurdera utan å ha sett rapporten, seier Mellingen.

Det er politikar Arne Glenn Flåten i Sogndal som har bedd advokatkontoret om å gje ei nøytral vurdering av det juridiske grunnlaget for å nekta dei folkevalde innsyn.

No føler kommunestyrerepresentanten seg tryggare enn nokon gong på at alle korta bør på politikarbordet.

– Det var difor me bestilte den eksterne granskinga i utgangspunktet. Når rapporten kjem og me likevel ikkje får vita noko, så er det ikkje berre komisk, det er tragisk, seier Flåten.

Det tykkjest å vera påfallande at rådmann og ordførar no ser ut til å leggja opp til at saka ikkje skal leggast fram for kommunestyret. Det vil etter mitt skjønn vera stikk i strid med kommunestyret sitt eige vedtak.

Arvid Mellingen, advokatfirmaet Tollefsen

– Kommunestyret er det øvste organet i kommunen og me har like stor rett på å få innsyn som mellom anna rådmannen og ordføraren, seier han.

Bestilte rapport, vart nekta innsyn

Kommunestyret i Sogndal bestilte den eksterne granskinga i februar. Målet var å få kartlagd årsaka til dei tidlegare konfliktane i barnevernet, kvifor det har teke så lang tid å løysa dei og om dei er løyst innanfor rammene i arbeidsmiljølova. Det vart lagt opp til at saka med tilhøyrande rapport skulle tilbake til handsaming i kommunestyret. 

For ei veke sidan kom avgjerda om at rapporten er unnateken offentleg innsyn, òg for politikarane som bestilte han, mellom anna av omsyn til personvern.

Etter å ha fått den juridiske avklaringa krev Flåten no at saka kjem tilbake til kommunestyret, med rapporten vedlagt. Viss ikkje vil han be om eit ekstraordinært kommunestyremøte så medlemmane sjølve kan avgjera kva som skjer vidare i saka.

– Jo meir ein ønskjer å halda rapporten hemmeleg, jo meir mistenker eg kor gale innhaldet eigentleg er, seier Flåten.

Ordføraren ønskjer openheit

Ordførar Jarle Aarvoll seier derimot at openheit er det fremste han ønskjer, men at dei personsensitive opplysningane i rapporten ikkje tillet det.  

– I utgangspunktet hadde eg håpa og trudd at me fekk ein rapport som kunne bli offentleggjort. Det skjedde ikkje, og det er beklageleg, men i etterkant har eg handtert saka etter dei retningslinjene eg har fått, seier han.

Han er førebels den einaste politikaren som har fått lesa rapporten. Rådmannen har òg fått rapporten, og som Sogn Avis skreiv i går, det same gjeld barnevernsleiar Hadle Blikra og kommunalsjefane Marit Hagevik og Ole Gunnar Krakhellen.

– Eg har vel aldri følt meg så einsam som politikar. Men blikket har vore på dei som har jobba der og som jobbar der no, seier han.

Han meiner det no er viktig at kontrollutvalet får tid til å gjennomføra sine lesedagar og levera ei innstilling til kommunestyret. I mellomtida har han fått instruksar frå formannskapet om at hovudvernombod Frank Nymark òg skal få tilgang til rapporten, så lenge det juridiske ikkje hindrar det.

– Det skal eg greia å avklara, lovde ordføraren etter gårsdagens møte.

Til toppen