UTOLMODIG: Advokat Louis Anda representerer èin av dei tre sikta i valdtektssaka i Sogn. Han meiner det er på tide at politiet bestemte seg for om dei ville ta ut tiltale eller ikkje mot hans klient.
UTOLMODIG: Advokat Louis Anda representerer èin av dei tre sikta i valdtektssaka i Sogn. Han meiner det er på tide at politiet bestemte seg for om dei ville ta ut tiltale eller ikkje mot hans klient. (Foto: Øyvind Torvund/NRK)

Advokaten reagerer på fire nye fengslingsveker i valdtektssaka: – Vil bli anka

Etterforskinga av valdtektssaka i Sogn har teke tid, noko som får forsvararane i saka til å reagera. Politiet lover at dei snart er klare til å senda saka til påtaleavgjerd.

Sogndal: – Min klient er misnøgd, og avgjerda vil bli anka til lagmannsretten, seier advokat Lois Anda, etter at Fjordane tingrett onsdag samtykka til forlenga varetekt i fire veker for to av dei sikta i valdtektssaka i Sogn.

Politiet seier dei treng tid til å ferdigstilla etterforskinga, men at dei er i innspurten.

Mannen han forsvarar nektar å ha noko som helst med valdtekta å gjera. Snart har han sete fengsla i fire månader. Det kan fort bli meir om ikkje anken vinn fram.

SPELAR PÅ LAG: Advokat Anette Stegegjerdet Norberg seier klienten hennar samarbeider med politiet, men håpar òg på fortgang i saka. Foto: Runa Victoria Engen/NRK

– Me meiner tida er moden for å få avklart om det blir tiltale mot min klient, eller om saka mot han blir lagt vekk, seier Anda.

Èin gjekk med på forlenging

Det var 5. juni at politiet arresterte tre menn, og sikta dei for å ha valdteke ei kvinne i eit privat husvære i Sogn. Dei tre er av utanlandsk opphav med opphald i Norge. To av dei tre sikta nektar straffskuld.

Ifølgje NRK hevdar kvinna ho vart dopa ned før ho var valdteken av tre menn. To av mennene skal vera brør.

Berre èin av dei tre samtykka til varetektsfengsling. Den same sikta gjekk i tingretten onsdag med på ei ny forlenging.

– Han samarbeider framleis med politiet, seier advokat Anette Stegegjerdet Nordberg, forsvarar til mannen.

Lanes: – I innspurten

Som Anda håper ho politiet kan få fortgang i saka, og at ho så snart som råd kjem opp til hovudforhandling.

I INNSPURTEN: Regionlensmann Inger Lill Lanes seier politiet ikkje har mykje att av etterforskinga. Foto: Halvor Farsund Storvik

Politiet seier snart er klare til å senda saka over til statsadvokaten for påtale.

– Me er i innspurten, seier regionlensmann Inger Lill Lanes 

Av det som står att i etterforskinga nemner ho mellom anna nokre rapportar frå undersøkingar av elektroniske og digitale spor.

Har fått hjelp i etterforskinga

Ho seier politiet frå starten har sett store ressursar på saka, men at det til tider har vore utfordrande når det har kome opp nye viktige saker. I tillegg til politi frå Sogndal, har dei fått hjelp frå andre lensmannsdistrikt i etterforskinga, mellom anna til å avhøyra vitner.

I sluttfasen er det to som har jobba med ferdigstilling, pluss ein teknikar.

– Me har har hatt tett og god oppfølging av saka heile vegen. Det har blitt gjort mykje god etterforsking, og me har gjort mange avhøyr, seier Lanes.

Den siste av dei tre slapp fri etter første fengslingsperiode på grunn av liten fare for at han ville rømma landet. Han har likevel framleis status som sikta.

Til toppen